Skal forska på kvitvasking

Jussprofessorane Jon T. Johnsen og Ulf Stridbeck ved Institutt for offentleg rett har fått tildelt fire millionar kroner frå Forskingsrådet til eit tre år langt forskingsprosjekt om kvitvasking i Noreg.

KVITVASKING: - Me skal først og fremst sjå på problem med gjeldande lovgjeving og eit mogleg behov for nye lovar og reglar i samband med kvitvasking, fortel Jon T. Johnsen og Ulf Stridbeck.
Foto: Ola Sæther

- Me skal først og fremst sjå på problem med gjeldande lovgjeving og eit mogleg behov for nye lovar og reglar i samband med kvitvasking, fortel dei to forskarane til Uniforum.

I dag er paragraf 317 i Straffelova sentral i saker som handlar om kvitvasking.

- Denne paragrafen er også kjent som heleriparagrafen, og oppgåva vår blir å finna ut om den er god nok til at den kan fanga opp alle slags tilfelle av kvitvasking, forklarar Johnsen og Stridbeck.

Dei vil dessutan sjå på om styresmaktene har gode nok rettslege reiskapar til å driva kontroll av personar eller bedrifter som dei mistenkjer for å driva med kvitvasking.

Rapporteringsplikt

- Både bankar og forsikringsselskap har rapporteringsplikt dersom dei har mistanke om at ei pengeoverføring har tilknyting til utbyte av ei straffbar handling. Kvitvasking kan få uana politiske og økonomiske konsekvensar. Korleis kan ein hindra dette utan at påtalemakta tar i bruk metodar som kjem i konflikt med personvernet, menneskerettane og integriteten til dei mistenkte? Det skal me prøva å gi eit svar på i løpet av denne prosjektperioden, seier dei to jussprofessorane til Uniforum. Dei ser allereie no at mange advokatar kan koma i både etiske og profesjonelle konfliktar år styresmaktene krev at dei også skal ha ei rapporteringsplikt.

Sladreplikt vs. lojalitetsplikt

- Dilemmaet deira vil vera sladreplikta overfor styresmaktene i høve til lojalitetsplikta overfor klientane. Me vil setja ein stor del av ressursane inn på å sjå på forholdet mellom advokatar og kvitvasking. Korleis vil det vera mogleg å kombinera rapporteringsplikta med lojalitetsplikta for dei aktuelle advokatane? spør Johnsen.

Pengane vil gi dei høve til å lysa ut eitt doktorgradsstipend, eitt post doc-stipend, tre stillingar som vitskapleg assistent og finansiering av nokre korte vitskaplege artiklar om emnet.

- Dei juristane som er interessert i dette, må berre melda ifrå om interessa si til oss, seier Stridbeck og Johnsen.

- Ein av doktorgradsstipendiatane våre er godt i gang med å finna ut kva tilgang politiet har til offentlege register som Kredittilsynet og Skatteetaten for å avdekka kvitvasking eller anna økonomisk kriminalitet. Det vil også bli tildelt pengar til to studentprosjekt som skal sjå på internasjonalt politisamarbeid medan andre skal undersøkja kva samband det er mellom kvitvasking og narkotikaomsetning, oppsummerer Stridbeck.

I samarbeid med Institutt for rettsinformatikk vil dei også sjå på om det er mogleg å oppdaga kvitvasking av pengeoverføringar som skjer over Internett. Og saman med Institutt for kriminologi og rettssosiologi skal dei sjå nærare på kvitvasking i meklarbransjen.

- Målet vårt er å byggja opp god forskingskompetanse på kvitvasking innan jussmiljøet, gjerne utvida med prosjekt om korrupsjon, seier dei to jussprofessorane til Uniforum.

KVITVASKING: Jusprofessorane Jon T. Johnsen og Ulf Stridbeck ved Institutt for offentleg rett har fått tildelt fire millionar kroner frå Forskingsrådet for å setja i gang forsking på kvitvasking.

Emneord: Forskning, Jus Av Martin Toft
Publisert 1. okt. 2003 16:16 - Sist endra 10. des. 2008 15:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere