Anne Simpson er leiar for Kontoret for funksjonshemma studentar ved University of Strathclide i Glasgow i Skottland. I heile Storbritannia er alle universitet og andre utdanningsinstitusjonar pålagde å leggja forholda best mogleg til rette for at funksjonshemma studentar skal kunna få fullt utbyte av undervisninga dei tilbyd. I motsett fall, kan dei funksjonshemma studentane gå til sak mot institusjonen. Det går fram av Disability Discrimination Act Part IV (Lov mot diskriminering av funksjonshemma), opplyser Anne Simpson til Uniforum.
- Lova har enno ikkje ført til at studentar har gått til sak mot ein utdanningsinstitusjon. Derimot har den ført til at studentar og universitetsleiinga har sett seg saman for å finna ut korleis det vil vera mogleg å leggja undervisningsforholda best mogleg til rette for dei studentane som har ei funksjonshemming, fortel ho. Simpson er oppteken av at det å leggja forholda til rette for funksjonshemma studentar, ikkje berre er å laga gangvegar, ha breie dører, heis eller spesialtoalett for funksjonshemma.
Tilgjengelege forelesingar
- På eit universitet er det like viktig å gjera undervisningsforholda minst like gode for studentar med fysiske handikap som for dei andre studentane. Rådet mitt til forelesarane vil då vera at dei ikkje snakkar for fort, at dei deler ut kopiar av forelesingane sine til alle studentane og at dei, om mogleg, legg heile forelesingane ut på Internett i god tid før forelesinga.
- Det vil heller ikkje skada om forelesarane rettleier studentane ved å seia kva del av ei bok eller ein tekst som er viktig og kva som ikkje er viktig. Det er nemleg ikkje alle lærebøker det er mogleg å få tak i med blindeskrift. Dessutan vil det også hjelpa dyslektikarane med å koma gjennom den viktigaste delen av pensum, understrekar ho.
For mykje vekt på forelesinga
Personleg synest ho at forelesingane har fått ein for stor plass i undervisningstilbodet ved universiteta.
- For mange vitskaplege tilsette er dette det store mediet. Eg meiner at mange sikkert vil få like godt utbyte av gruppeundervisning eller alternative undervisningsformer, seier ho.
Simpson ser også¨at det kan vera gode argument imot å gjera forelesingane for lett tilgjengelege.
- Det skal gå an å tilpassa alle forelesingar til dei funksjonshemma studentane så sant endringane ikkje går på akkord med vanlege akademiske standardar. Du kan ikkje frita ein som ikkje kan argumentera frå å argumentera berre for at vedkomande skal kunna ta filosofi. Men dette argumentet skal vera godt fundamentert om det skal brukast for å hindra nokon i å få gjort undervisninga tilgjengeleg, understrekar ho.
21. oktober heldt ho eit seminar om tilgjengeleg undervisning for 70 vitskapleg og teknisk/administrativt tilsette ved UiO.
Logg inn for å kommentere