Arild Underdal ser at ein modell med universitet og høgskular
som sjølveigande institusjonar også kan ha sine
fordelar.
- Det er ein modell som rettsleg sett vil gi den enkelte
institusjon noko større handlefridom, særleg på det
økonomiske området. Realpolitisk blir det derimot mykje eit
spørsmål om å erstatta nokre styringsverkty med andre. Sett
frå styresmaktene si side, vil ein meir aktiv bruk av
løyvingar og avtalar vera naudsynt for å halda fram med ei
samla styring med utviklinga av universitets- og
høgskulesektoren, konstaterer han.
- Viktig å samla ansvaret ein stad
-Kva synest du om forslaget om å tilsetja rektor og lata rektor bli den øvste administrative leiaren ved institusjonen?
- Eg ser at det er grunn til å rydde opp i vedtektene om rolla til rektor og samla ansvaret ein stad, men for UiO er det avgjerande å ha ein direktør med høg kompetanse og vide administrative fullmakter, meiner Underdal. Han stiller likevel ikkje noko ufråvikeleg krav om at rektor bør koma frå den institusjonen han eller ho skal leia.
- Universitetet bør ha høve til å henta inn ein rektor utanfrå, men den som skal fylla den rolla må først og fremst retta merksemda si mot primærverksemda og ha ein solid bakgrunn frå vitskapleg arbeid, understrekar UiOs rektor.
Når det gjeld korleis det framtidige styret bør vera, deler han ikkje synspunkta til fleirtallsinnstillinga.
- Eit ganske "fjernt" styre
- Eit styre der under 20 prosent av medlemane har forankring i kjerneverksemda kan bli eit ganske "fjernt" styre, og det må vi så fall kompensera for ved å styrkja interne faglege fora. Den styresamansetjinga me har i dag gir eit godt samspel mellom den inngåande kjennskapen dei interne medlemane har til universitetet og den kompetansen dei eksterne medlemane har frå anna verksemd og sjølvstende i høve til interne partsinteresser, slår han fast. Underdal ser ei klar linje i fleirtalsinnstillinga frå Ryssdalutvalet.
- Førsteinntrykket er at fleirtalsinnstillinga har preg av å vera eit forsøk på å "straumlinjeforma" systemet ved å innføra styrings- og leiingsformer som for tida er vanleg i anna verksemd meir enn på å løysa konkrete problem som universiteta, høgskulane eller styresmaktene faktisk slit med.
- Når me no får innstillinga til høyring, blir det viktig for oss å gjera det me kan for at det siste perspektivet får den plass det fortener, seier Underdal til Uniforum.
Logg inn for å kommentere