Tar i bruk hypermoderne laboratorium

Kjemisk institutt har nyleg tatt i bruk eit integrert laboratorium for kjernemagnetisk resonansspektroskopi (NMR). UiO og samarbeidspartnaren Bruker-Biospin har investert 20 millionar kroner i laboratoriet.

AVANSERT: Dette er Noregs mest avanserte integrerte laboratorium for kjernemagnetisk resonanspektroskopi. Laboratoriet er nyleg bygd opp i lokala til Kjemisk institutt, UiO.
Foto: Martin Toft

Eit av formåla med laboratoriet er å utføra strukturstudiar av biomolekyl i tilknyting til eit nytt forskingsfelt som går under nemninga genombasert strukturell biologi.

- Laboratoriet er utstyrt med eit 600 MHz NMR-instrument som er direkte kopla opp til fleire såkalla væskekromografiske instrument. Instrumenta på laboratoriet er ein del av eit virtuelt konsept som gjer det mogleg med fjernstyring via Internett, forklarar professor Jostein Krane ved NTNU, som samarbeider med professorane Tyge Greibrokk, Elsa Lundanes og Frode Rise, UiO, om dette prosjektet. Samarbeidet inkluderer fjernstyring av instrumenta til NTNU og UiO frå den andre staden.

- Mest avanserte

- Dette er den mest avanserte NMR-utrustninga som til dags dato er sett opp i Noreg. Grunnen til at laboratoriet er lokalisert til Universitetet i Oslo, har samanheng med det gode ordet institusjonen har på seg når det gjeld tilgangen på framifrå forskingsgrupper i separasjonsteknikkar og forskingskompetanse innan miniatyrisering av analyseinstrument. Det har ført til at instrumentleverandøren har ytt ein stor del av leveransen av instrumenta, seier Frode Rise til Uniforum. Han ser for seg mange bruksområde for dette utstyret.

- Det kan brukast til både til utskiljing og oppdaging av protein og me håpar at me etter auka investeringar i framtida kan detektera eller oppdaga prionar eller prionmarkørar i dyr som ikkje har symptom på sjukdom. Dette kan få mykje å seia for å oppdaga sjukdomen kugalskap eller Creuzfeldt-Jacob-syndromet i dyr som ser friske ut. Med eit slikt instrument vil det også vera mogleg å testa verknadane av nervegass på hjernefunksjonane. Samarbeid med forskarar på Forsvarets forskingsinstitutt går allereie føre seg på dette feltet.

- Veterinærinstituttet kan til dømes bruka dette utstyret til å slå fast om blåskjela eller algane er giftige og også kva gift blåskjela har. Innan idrettsmedisinen vil det no bli enda lettare å finna ut om ein idrettsutøvar har brukt dopingmidlar på grunn av dei blodanalysane dei kan nytta dette instrumentet til, fortel Rise. Men dette moderne laboratoriet vil også bli til stor nytte i generell organisk og analytisk kjemi.

FUGE må på bana

Jostein Krane er svært nøgd med at norske forskarar no har tilgang til det aller beste utstyret som finst på marknaden innanfor dette feltet.

- Til no er det ikkje oppretta nokon plattform for strukturell biologi innan FUGE med NMR som metode. Det er unikt i internasjonal samanheng. Difor vil eg foreslå at UiO tar kontakt med Forskingsrådet og satsingsområdet Funksjonell genomforsking (FUGE) og tilbyr det nye laboratoriet som starten på ei slik plattform. FUGE kan finansiera prosjektstillingar, som doktorgradsstipend og postdoktorstipend til laboratoriet i staden for pengar til utstyr, seier Jostein Krane.

Emneord: Kjemi Av Martin Toft
Publisert 22. sep. 2003 11:36 - Sist endra 10. des. 2008 15:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere