Styre og stell i Universitetsstyret

Ny struktur for styring og leiing, vurdering av seremoniane ved UiO og krav om betaling frå privatistar er stikkord for Universitetsstyrets møte i Baroniet Rosendal måndag 8. september kl. 9.

Heile styringsstrukturen ved fakulteta og institutta ved UiO kan koma til å bli endra under møtet til Universitetsstyret måndag 8. september. Medlemane skal ta stilling til nye forslag til normalreglar for fakultet og institutt.

Utgangspunktet er Universitetsstyrets vedtak i møtet 3. juni om å innføra ei einskapleg leiing for fakulteta og institutta, men ei todelt leiing for den sentrale universitetsleiinga. I framlegg til vedtak heiter det i at forslaget legg opp til å få fram dei overordna oppgåvene til fakultet- og instituttleiing, avgjerdsorgan, råd og utval.

Formålet er å opna for lokal tilpassing ved kvart einskild fakultet innanfor desse overordna rammene. Det blir meir ope korleis fakultetet blir organisert med styringsorgan utover styret

Dekanen overordna

I forslaget blir det overordna ansvaret plassert hos dekanen, som også bestemmer den vidare delegeringa til prodekan, fakultetsdirektør og moglege studie- og forskingsdekanar. Det heiter dessutan at når det blir innført einskapleg leiing, så vil det vera behov for at det skal vera mogleg med både val og tilsetjing av leiarar. Difor skal det utarbeidast reglar som tar vare på dette. I tillegg skal det innførast ein valkomité som får i oppgåve å vurdera kandidatane til dekan og instituttleiarfunksjonane.

Alle fakulteta skal også utarbeida styrings- og administrasjonsreglement for kvart fakultet og institutt. Det nye normalreglementet skal virka frå 1. januar 2004. Tre fakultet har bede om overgangsordningar. Det gjeld Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, Det historisk-filosofiske fakultetet og Det odontologiske fakultetet.

Kompetansekrav og valreglar

Styret skal også ta stilling til eit framlegg om rettleiande kompetansekrav for dekan og instituttleiar. Kompetanse på førstestillingsnivå er sett som minstekrav for vitskapleg formalkompetanse, men fakultet kan bestemma at det skal stillas krav om professorkompetanse for dekan.

Når det gjeld instituttleiarar, så er det same kravet vurdert, men likevel ikkje foreslått fordi det skal vera mogleg for yngre forskarar å bli valde til instituttleiarar. Dersom forslaget til endring av valreglane blir vedtatt, vil ikkje dekan og prodekan kunne veljast inn i Universitetsstyret. Det vil heller ikkje bli mogleg for ein instituttstyrar eller fungerande instituttstyrar å bli valt inn i fakultetsstyret.

Endringar av seremoniane

Universitetsstyret skal også ta stilling til eit forslag om å gjera visse endringar og justeringar av seremoniane ved Universitetet i Oslo. Utvalet som har gått gjennom seremoniane foreslår at årsfesten begynnar kl. 14 i staden for kl. 11 eller 12 som i dag. Det foreslår også at medlemane i Universitetsstyret ikkje lenger treng delta i den akademiske prosesjonen.

Grunngjevinga er at mange av dei eksterne medlemane kan føla det unaturleg å delta i ein slik prosesjon. Utvalet understrekar sterkt at både rektor og prorektor saman med dekanane, universitetsdirektør, ass. universitetsdirektør og prisvinnarane må delta i denne prosesjonen. Når det gjeld mottakinga etter seremonien, kjem utvalet med to alternativ. Anten bør alt vera som før, bortsett frå at det bør skaffast eit større lokale, eller så bør heile mottakinga erstattast av ein festmiddag med underhaldning og dans om kvelden med universitetsleiinga som vertskap. I det siste alternativet blir det også fokusert meir på studentrolla, og det blir også foreslått å lata 16 studentar frå dei åtte fakulteta om å delta i den akademiske prosesjonen. Det siste alternativet blir naturleg nok dyrare enn den mottakinga ein har i dag. For dei andre seremoniane til UiO er det berre foreslått små endringar.

Samtidig blir alle fakultet oppfordra til å organisera ei eiga markering for alle ferdige kandidatar. Det blir dessutan foreslått at fakulteta skal overta det økonomiske ansvaret for reise og opphald i samband med kreeringa for æresdoktorane sine. I tillegg kjem det framlegg om at rektor skal setja ned eit utval av vitskapleg tilsette som utarbeider retningslinjer og klare kriterium for kven som kan bli foreslått som æresdoktor ved UiO. Viss forslaga blir vedtekne av Universitetsstyret, kan endringane setjast i verk ved seremoniane i 2004.

Privatistar må punga ut

Styret skal også bestemma kor mykje privatistane må betala for å ta eksamen i forskjellige emne ved UiO. Forslaget går ut på at dei skal betala 6000 kroner eller meir for eit emne med 60 studiepoeng eller meir og 1500 kroner for eit emne på 30 eller færre studiepoeng.

Fungerande universitetsdirektør Inger Stray Lien skal orientera Universitetsstyret om kvifor Riksrevisjonen ikkje vil godkjenna UiOs rekneskap for 2002. Som vanleg skal Styret ta stilling til fleire tilsetjingssaker.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 5. sep. 2003 16:52 - Sist endra 10. des. 2008 15:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere