Gir ut bok på spansk i Noreg

UiO-studentane Rafael Rodríguez og Willy Trampe gjekk rundt med det same ynsket. Dei ville gjerne gi ut ei bok på spansk i Noreg. Saman med tre andre latinamerikanarar har dei no gitt ut boka "Pedazos de hielo: Antología en la distancia"eller på norsk "Isbitar: Samling på avstand".

PÅ SPANSK I NOREG: Spanskstudent Rafael Rodriguez, UiO, har saman med fire venner gitt ut ei skjønnlitterær bok på spansk i Noreg. (

- Ideen vår var å gi ut ei bok for å markera at minoritetsgrupper både har lyst til og talent til å verkeleggjera gode prosjekt. Me ville at innvandrarar skulle bli identifiserte med positive ting, og ikkje berre bli omtalte kvar gong dei hadde gjort noko kriminelt, fortel hovudfagsstudent i spansk, Rafael Rodríguez til Uniforum. Saman med litteraturstudent Willy Trampe presenterte han først ynsket sitt for eit par forlag.

Ikkje lønsamt

- Begge stader fortalde dei oss at det ikkje ville vera lønsamt nok å gi ut ei spanskspråkleg bok i Noreg. Difor fann me ut at om me skulle klara å få det til, måtte me gi ut boka på eige forlag. Dermed finansierte me bokutgjevinga med 2000 kroner frå kvar av bidragsytarane i tillegg til 3000 kroner i støtte frå det spanskspråklege tidsskriftet La Ventana, fortel Rafael Rodríguez, som opprinneleg kjem frå Perus hovudstad Lima. På den måten fekk dei inn 13 000, kroner og med desse pengane klarte dei å finansiera utgjevinga av ei bok med noveller, dikt og små historier. Forordet er skrive av forfattaren Kjartan Fløgstad. Opplaget er på 500 eksemplar.

- Det var ei herleg kjensle å stå med boka i handa like etter at den var ferdig trykt tidlegare i sommar. Me klarte det med god hjelp frå Enrique Pávez, som tok seg av den grafiske formgjevinga , seier Rodríguez, som ikkje har noko
imot å forklara kvifor bokomslaget er av eit norgesglas.

"Wanna be noruego.

- Omslaget er laga av Jørgen Magdahl etter at han blei inspirert av ein novelle som eg skreiv, som heiter "Wanna be noruego". Det handlar om ein oppdikta latinamerikanar som gjer alt for å bli så norsk som mogleg. Han skiftar hudfarge, fargar håret sitt, og kvar kveld drikk han vatn frå eit norgesglas. Til slutt oppdagar han at vatnet er blitt gult og at det ligg ei død fluge inn i norgesglaset. Det kan vera eit bilete på korleis minoritetane er omringa av norsk kultur og det norske heile tida, seier han. Og både han og dei andre forfattarane har planar om å gi ut ei ny bok neste år.

- Håpet vårt er at me kan hjelpa fram spanskspråklege skribentar i Noreg, og samtidig skapa interesse for litteratur på spansk i Noreg. I boka finst det også bidrag frå Manuell Espartaris, Sergio Campos og Cesar Mallen. Boka kan kjøpast både på Akademika og Norli. Dessutan har alle dei norske universitetsbiblioteka kjøpt inn boka.

Emneord: Litteratur (skjønn-) og forfattere, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 3. sep. 2003 10:56 - Sist endra 10. des. 2008 15:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere