- Har du nokon gong ynskt deg vindauge som vaskar seg sjølv eller klede som ikkje kan bli skitne? Dei som kjem på Forskingstorget, får sjå at nanoteknologi gjer dette mogleg, fortel Julie Øybø. Forskingstorget er eit samarbeid mellom Universitetet i Oslo, Høgskulen i Oslo og Høgskulen i Akershus. Torget er ein del av dei landsomfattande Forskingsdagane som Forskingsrådet står bak.
Rekorddeltaking
- Denne gongen er det rekorddeltaking frå UiOs side. Elleve institutt og senter er representerte. Senter for materialvitskap skal demonstrera bruk av nye materialar. Forskarane vil demonstrera kva som skjer når dei set saman atom på andre måtar enn naturen sjølv gjer det, fortel Julie Øybø. Men også psykologane skal visa fram kva dei har funne fram til under forskinga på hjernen.
- Dei vil forklara kva som gjer at me hugsar, at me hugsar vårt eige namn betre enn andre sitt namn og om det er skilnad på hjernen til folk med forskjellig personlegdom. På Forskingstorget vil Psykologisk institutt gi publikum tilbod om å ta ein PC-basert personlegdomstest, avslører informasjonsansvarleg Margareth Bentsen.
Demonstrerer akuttmedisin
- Men det mest dramatiske som skal skje under dette arrangementet blir nok når akuttmedisinarane frå Det medisinske fakultetet skal demonstrera korleis dei får folk ut av eit bilvrak etter ei trafikkulukke. Det vil dei visa i samarbeid med Politiet og Oslo brannvesen, legg ho til. Forskingsdirektør Tor Einar Edvardsen ved Høgskulen i Oslo er næringslivskontakt for Forskingstorget og oppfordrar folk som er glade i å sola seg, til å besøka boden til HiO.
- Dei kan ta med seg sin eigen solkrem og finna ut kor godt den vernar dei mot ultrafiolett stråling. Det blir også demonstrasjon av røntgenstrålar og gammastråling, fortel han.
I fjor deltok over 20 000 personar på Forskingstorget.
- Me vil vera nøgde om det kjem mellom 15 000 og 20 000
personar. Målgruppa vår er elevar i ungdomsskulen og i den
vidaregåande skulen i Oslo og Akershus. Og me håpar sjølvsagt
at dei tar med seg både foreldre og søsken, seier koordinator
Julie Øybø.
Logg inn for å kommentere