Etablerer senter for USA-studiar i Midtausten

Førsteamanuensis Ole Moen ved Institutt for britiske og amerikanske studiar, UiO skal delta i oppbygginga av eit senter for USA-studiar ved The American University of Beirut. The Center for American Studies and Research skal ikkje berre tena dei tre amerikanske universiteta i Libanon, men heile Midtaustenregionen.

USA-SENTER: Førsteamanuensis Ole Moen ved Institutt for britiske og amerikanske studiar skal delta i oppbygginga av eit senter for USA-studiar ved The American University of Beirut.
Foto: Ståle Skogstad

- Dette er eit tilbod som det ikkje går an å seia nei til, og samtidig kjenner eg meg svært smigra over å bli spurt når eg ser kven dei andre deltakarane er, seier Ole Moen.

- Midtausten er eit sensitivt område, og eg håpar at eit slikt studium kan gi studentane ein betre innsikt i det amerikanske samfunnet og i amerikansk kultur. Det skal heller ikkje på noko vis målbera offisiell amerikansk utanrikspolitikk, konstaterer Moen.

Idédugnad

Første veka i desember skal han treffa fem andre internasjonale ekspertar på amerikanske studiar på Det amerikanske universitetet i Beirut. Dei blei alle bedne om å delta i ein idédugnad og ei rådgjevingsgruppe av Dr. Yahyia Sadowski ved Institutt for statsvitskap ved Det amerikanske universitetet, og det er også denne forskaren som leier ad hockomiteen som skal utvikla dette senteret.

Oljemagnat betaler

- Det er ein velståande lokal oljemagnat som finansierer heile oppbygginga av senteret, så pengemangel vil dei ikkje ha. Planen er at studiet i amerikanske studiar skal koma i gang allereie hausten 2004, fortel Moen, som er glad for at nokon også satsar på humaniora i Libanon.

- Universitetet leid fælt under den langvarige borgarkrigen. Ein dåverande rektor blei skoten ned og drepen på open gate under dei verste kampane. Etter at borgarkrigen tok slutt, er det i hovudsak satsa på medisin og realfag ved dette universitetet, medan humaniora ikkje har fått nok pengar til å halda oppe ei forsvarleg drift, forklarar han. Han trur at leiaren for senteret har funne fram til namnet hans gjennom vervet hans som generalsekretær for European Association for American Studies.

Tovegskommunikasjon

- Det går ikkje an å forstå amerikansk utanrikspolitikk utan at ein har sett seg inn i amerikansk tenkjemåte, kultur og innanrikspolitikk. Programmet skal leggja stor vekt på tovegskommunikasjon, altså korleis amerikanarane ser på seg sjølve og korleis den amerikanske kulturen og veremåten blir sett på av folk i Midtausten. Det er utan tvil viktig at Det amerikanske universitetet i Libanon etablerer eit slikt senter for regionen, synest Moen.

Emneord: USA, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 25. sep. 2003 11:51 - Sist endra 10. des. 2008 14:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere