Utset utgreiinga om ny universitetslov

Ryssdal-utvalet har bestemt seg for å utsetja framlegginga av ei utgreiing om ny universitetslov frå fredag 29. august til tysdag 23. september. Det opplyser utvalsmedlem Arne Benjaminsen til Uniforum.

Det var på utvalet sitt siste møte, tysdag 19. august, at det blei bestemt at det var for tidleg å leggja fram innstillinga om ny universitetslov allereie fredag 29. august. Difor blei det vedtatt å utsetja den lenge annonserte dagen for når innstillinga skulle leggjast fram med mest ein månad, og til etter Kommune- og fylkestingsvalet 15. september.

Utvalet blir leia av advokat Anders Ryssdal, og det viktigaste spørsmålet utvalet skal svara på, er om universiteta og høgskulane skal organiserast som særlovselskap eller halda fram med å vera statlege forvaltingsorgan. Hovudoppgåva for Ryssdal-utvalet er altså å leggja fram ei utgreiing si om eit felles lovverk for høgare utdanning. Det knyter seg altså størst spenning til kva tilknytingsform utvalet vil foreslå for universiteta og høgskulane.

Særlovselskap

Målet er å vurdera ein ny styringsmodell i høve til institusjonelt sjølvstyre og akademisk fridom. Ein av modellane som har vore drøfta, er å organisera universiteta og høgskulane som eit særlovselskap, med ei friare stilling til Utdannings- og forskingsdepartementet enn i dag. Ulempa med ein slik modell er at departementet kan koma til å krevja at det skal utnemna fleirtalet av styremedlemane. For dei universitetstilsette vil denne modellen innebera at dei vil mista statusen som statstilsette og ikkje lenger koma inn under Tenestemannslova, men under Arbeidsmiljølova. Dermed vil det bli lettare for universiteta å seia opp folk enn tidlegare sidan Tenestemannslova har eit strengare stillingsvern enn Arbeidsmiljølova. Her kan det også koma på tale å lata nokre institusjonar få halda fram som statlege forvaltingsorgan som i dag, medan andre vil få ei ny tilknytingsform.

Felles lovverk

Utvalet skal også utarbeida eit framlegg til felles lovverk for statleg og privat høgare utdanning innanfor rammene av Kvalitetsreforma, og med tanke på den aukande graden av internasjonalisering. Det vil seia at det kan bli eit felles lovverk for universiteta og høgskulane og private institusjonar som Handelshøgskulen BI, Menighetsfakultetet og Misjonshøgskulen i Stavanger.

Utvalet skal også vurdera lovregulering som styringsverktøy i høve til andre verkemiddel, som til dømes avtalestyring, instruks eller budsjettføringar. Det skal gi svar på om lovregulering eller andre styringsverktøy vil vera det mest praktiske verkemiddelet for å nå dei nasjonale måla som Utdannings- og forskingsdepartementet har sett opp.

Mindre ansvar til statsråden

Det skal dessutan vurderast kor langt statsråden skal stå ansvarleg for aktiviteten ved institusjonane. På grunn av tilnærminga mellom privat og statleg høgare utdanning både når det gjeld faglege fullmakter og finansieringsmodell, skal utvalet også finna ut om dei same styringsverkemidla skal brukast overfor offentlege og private høgare utdanningsinstitusjonar.

Departementet ber om at hovudmålet i desse vurderingane skal vera at omsynet til rettstryggleiken til studentane og høg kvalitet i utdanning og forsking må balanserast mot målet om å gi institusjonane størst mogleg sjølvstyre og å redusera rolla til departementet i enkeltsaker.

Gratisprinsippet og GATS

I tillegg skal utvalet sjå nærare på korleis gratisprinsippet i høgare utdanning fungerer, i tilfelle det blir ein større grad av likestilling mellom offentlege og statlege institusjonar. Det blir dermed naturleg å sjå på korleis dette verkar inn på konkurransen mellom private og offentlege utdanningsinstitusjonar, går det fram av mandatet til utvalet.

Sist, men heilt sikkert ikkje minst, skal Ryssdal-utvalet vurdera kva konsekvensar ein aukande grad av internasjonalisering bør ha for lovgjevinga både med omsyn til student- og lærarmobilitet, verkeområdet til lovene, men også i høve til prosessen i Verdas Handelsorganisasjon (WTO), der utdanning blir vurdert som ei av tenestene som vil kunna omfattast av den nye GATS-avtalen.

Utvalet er også pålagt å greia ut dei økonomiske og administrative konsekvensane av dei framlegga som det kjem til å leggja fram. Minst eitt av framlegga til samla lovregulering må vera innanfor rammene av dagens ressursbruk i universitets- og høgskulesektoren, presiserer departementet i mandatet til utvalet.

Desse sit i utvalet:

Leiar:
Advokat Anders Ryssdal, Oslo

Medlemar:
Professor Rigmor Austgulen, Trondheim,
Universitetsdirektør Arne Benjaminsen, Tromsø
Post.dok. Camilla Brautaset, Bergen
Prorektor Jan Grund, Oslo
Student Monica Hestad, Oslo
Rektor Bjarne Kvam, Bergen
Professor Inger Johanne Pettersen, Bodø
Ekspedisjonssjef Vidar Oma Steine, Oslo
Professor Nils-Henrik M. von der Fehr, Hurdal

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 20. aug. 2003 17:25 - Sist endra 10. des. 2008 16:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere