Juni - Side 2

Publisert 5. juni 2003 13:38

NTNU-studentane Endre Kvalheim og Anders Ytterland vann førstepremien på 250 000 kroner i Venture Cup 2003 med eit utaskjers oppdrettsanlegg. Anlegga som dei har utvikla skal bli meir effektive, meir automatiserte og større enn eksisterande anlegg. Førstepremien blei overrekt onsdag 4. juni.

Publisert 4. juni 2003 15:43

Professor Morten Dæhlen ved MN-fakultetet og Simula-senteret er oppnemnt av rektor til leiar for interimsstyret for det planlagde nyskapingsselskapetTechnology Transfer Office ved UiO (UiO TTO).

Publisert 3. juni 2003 16:26

Ein fullsett Universitetets Aula hylla Abelprisvinnar Jean-Pierre Serre då han fekk utdelt prisen på seks millionar kroner av kong Harald V. tysdag 3. juni. -Tusen takk, kvitterte han på norsk i takketalen sin.

Publisert 2. juni 2003 14:21

Dei tre største fagforeiningane ved UiO vil halda fast på ordninga med ei todelt leiing både på institutta, fakulteta og i universitetsleiinga. Studentparlamentet går derimot inn for å slå den faglege og administrative linja saman og la dei administrativt tilsette bli lagde under den faglege leiaren. Dette går fram av høyringsfråsegnene om styring og leiing ved UiO.