Fagforeiningane vil ha status quo

Dei tre største fagforeiningane ved UiO vil halda fast på ordninga med ei todelt leiing både på institutta, fakulteta og i universitetsleiinga. Studentparlamentet går derimot inn for å slå den faglege og administrative linja saman og la dei administrativt tilsette bli lagde under den faglege leiaren. Dette går fram av høyringsfråsegnene om styring og leiing ved UiO.

DEKAN: Studentparlamentet vil tilsetja dekanar på åremål i framtida, medan fagforeiningane framleis vil ha dekanval. Biletet viser HF-dekan Bjarne Rogan.

Tysdag 10. juni skal Universitetsstyret ta stilling til spørsmålet om behovet for endring av dagens styrings- og leiingsstruktur ved UiO. Formålet er å få til ei styrking av universitetet sin avgjerdskapasitet og handleevne. I notatet som blei sendt til fagforeiningane, Studentparlamentet og institutt- og fakultetsstyra med fleire, blei dei bedne om å ta stilling til om UiO bør gå over til ein einskapleg leiingsstruktur. Det vil seia at det vil bli ei felles styringslinje, og ikkje skilt mellom administrativ og fagleg linje som i dag.

Dei blei også oppfordra til å svara på om fakultet og grunneiningar framleis skal ha eigne styringsorgan eller bør gå over til organ med berre rådgjevande funksjonar. Dessutan måtte dei gi sitt syn på om faglege leiarar skal veljast eller tilsetjast.

Forskarforbundet meiner det er viktig å halda fram med valde styre på alle nivå i organisasjonen. Forbundet ynskjer også å oppretthalda ei todelt leiing på alle nivå, men i ei betra form. Denne fagforeininga ynskjer også primært valt fagleg leiing frå grunneining og fakultet til rektorat.

Ikkje tungrodd og handlingslamma

Grunnen til at Forskarforbundet ved UiO ikkje ynskjer store endringar, er at det kan visa til at dagens styringsordning ikkje er så tungrodd og handlingslamma som forbundet meiner det blir gitt uttrykk for i høyringsnotatet.

I høyringsfråsegna peikar det på at den aller største reforma på mange tiår ved UiO, Kvalitetsreforma, er gjennomført med dagens struktur. "Prosessen har vist at dagens organisasjonsstruktur har fungert hensiktsmessig, selv i en situasjon med raske omstillingskrav og diskusjoner om mål og verdier for universitetet", heiter det i fråsegna.

Ikkje særleg uventa, går Forskarforbundet inn for eit svært sterkt fagleg innslag i leiinga på alle nivå. Det er viktig at det finst fungerande kanalar frå grunnplanet opp til leiinga. Dette må avspeglast i ein formalisert organisasjonsstruktur, understrekar Forskarforbundet. Samtidig går det inn for at enkelte av desse organa kan slankast, og at mykje av det som i dag blir handsama der, i framtida kan delegerast til ein fagleg leiar.

Tydelegare leiarrolle

Når det gjeld delt leiing kontra einskapleg leiing, meiner Forskarforbundet at dagens styringsmodell stort sett fungerer bra. Derimot går forbundet inn for ei tydelegare ansvarsplassering, tydelegare leiarroller og større grad av delegering til leiarar. Dette kan løysast innanfor dagens system, meiner denne tenestemannsorganisasjonen. Den fryktar også at ei einskapleg leiing heller vil svekka den faglege leiinga enn å styrkja den.

Dessutan er Forskarforbundet redd for at dess større den administrative delen av leiaransvaret er, dess vanskelegare blir det å finna personar med vitskapleg kompetanse til å ta desse verva. Forbundet meiner den delte leiarskapen kan betrast ved å utvida fullmaktene til den faglege leiaren, men samtidig må det vera klinkande klare instruksar for den faglege leiaren og ansvaret til leiaren må gjerast klarare.

I tillegg kan ein auka lønna og innføra nye mekanismar for fastsetjing av lønn for faglege leiarar. Det bør også gjerast ein tydeleg grenseoppgang mellom dei faglege og administrative ansvarsområda, meiner Forskarforbundet.

Uansvarleg og useriøst

Norsk Tenestemannslag går også imot einskapleg leiarstruktur ved UiO. Det står fast på at fakultet og grunneiningar framleis bør ha eigne styringsorgan og at dei faglege leiarane framleis bør veljast.

NTL er enda krassare i kritikken sin mot høyringsnotatet frå universitetsleiinga enn Forskarforbundet. Det meiner at det er uansvarleg og useriøst av UiO å innføra ny intern styringsstruktur før det er avgjort om universiteta i framtida skal bli eit sjølvstendig selskap og om styret i framtida skal ha eit internt fleirtal eller eit fleirtal av eksterne medlemar. Difor går NTL primært inn for at heile diskusjonen og avgjerda blir utsett. Men dersom NTL likevel må ta stilling no, " er vårt syn at UiO etablerer en styringsstruktur som legger forskningsfrihet og kollegiale og demokratiske prinsipper til grunn", står det i høyringsfråsegna frå NTL.

Tenestemannslaget viser til avisene når organisasjonen grunngjev kvifor det ikkje kan gå inn for ein einskapleg leiarstruktur. Dei brukar Stavanger Aftenblad som eit døme på ei avis som gjekk inn for å lata redaktøren vera både redaksjonell og økonomisk leiar på 1980- og 1990-talet. På grunn av dårlege røynsler, har avisa nyleg gått tilbake til delt leiarskap.

NTL understrekar sterkt behovet for å oppretthalda ordninga med å velja faglege leiarar. Foreininga ynskjer eit system der leiarane har lojaliteten sin og søkjer legitimiteten sin nedover i organisasjonen, ikkje oppover.

Endringsvillig organisasjon

Den tredje fagforeininga, 2fo, deler stort sett NTL og Forskarforbundet sitt syn på at UiO ikkje har behov for særlege endringar i dagens styringssystem. Foreininga ynskjer å halda fast på ordninga med valde styre på alle dei tre styringsnivåa ved UiO, den vil framleis ha ei todelt leiing og den ynskjer heller valt framfor tilsett leiing.

Foreininga viser også til at dei omfattande endringane som har skjedd ved UiO i samband med innføringa av Kvalitetsreforma, er eit godt døme på at UiO har ein organisasjon som er endringsvillig og at styringsforma ikkje er så tungrodd som det høyringsnotatet framstiller den som.

Studentparlamentet ynskjer endringar

Studentparlamentet er derimot tilhengjar av å innføra ein einskapleg leiingsstruktur ved UiO. Dei vil lata den administrative linja bli underlagt dei faglege leiarane ved institutta, fakulteta og Universitetsstyret. Det vil seia at Studentparlamentet framleis går inn for å halda fram med kontorsjefar og fakultetsdirektør, men at desse blir lagde under den faglege leiinga. Det meiner at ved å plassera ansvaret i den faglege linja, vil det føra til at ein gjer leiarane ansvarlege og at avgjerdsprosessen blir lettare å fylgja.

Studentparlamentet står fast på at styra må ha makt til å ta avgjerder. Ei løysing der styra blir omgjorde til rådgjevande organ er uakseptabelt for studentane, slår Studentparlamentet fast.

Delegering

Studentane sitt høgaste organ, går likevel inn for å delegera ein del av dagens saker i Universitetsstyret til ein komité for studiesaker og ein komité for forsking. Universitetsstyret bør i hovudsak vedta hovudmåla og langtidsplanane til institusjonen, medan fakultets- og grunnivåa får ansvaret for å setja i verk desse planane på deira eige nivå.

Budsjett, rekneskap og viktige høyringar bør også gå gjennom styret, meiner Studentparlamentet, som er tilhengjar av å tilsetja dekanar og styrarar. For å sikra ei breiast mogleg rekruttering, bør desse stillingane lysast ut eksternt, understrekar Studentparlamentet. Både stillinga som universitetsdirektør og andre leiarstillingar må lysast ut som åremålsstillingar, går det fram av denne høyringsfråsegna.

Det meiner også at det er tilstrekkeleg med kompetanse som førsteamanuensis for å vera fagleg leiar for ei grunneining. Studentparlamentet går også inn for minst ein ekstern representant i alle fakultetsstyra, og dersom instituttstyret ynskjer det også i instituttstyra. Studentane må vera representerte både i institutt- og fakultetsstyra, i tillegg til i Universitetsstyret, understrekar Studentparlamentet i fråsegna si.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 2. juni 2003 14:21 - Sist endra 10. des. 2008 14:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere