Jubel for Jean-Pierre Serre

Ein fullsett Universitetets Aula hylla Abelprisvinnar Jean-Pierre Serre då han fekk utdelt prisen på seks millionar kroner av kong Harald V. tysdag 3. juni. -Tusen takk, kvitterte han på norsk i takketalen sin.

GLAD: Den franske matematikaren, Jean-Pierre Serre uttrykkjer stor glede etter å ha mottatt Abelprisen i matematikk for 2003 .
Foto: Trine Nickelsen

Verdas aller første Abelpris i matematikk blei delt ut til den franske matematikaren Jean-Pierre Serre tysdag 3. juni. Seremonien byrja med at kong Harald og dronning Sonja blei tatt i mot på Universitetsplassen av høvesvis rektor Arild Underdal, UiO og generalsekretær Reidun Sirevåg i Det norske Vitskapsakademiet.

Deretter leia medlemane av Abelpriskomiteen kongeparet og fylgjet deira inn i Aulaen til tonefylgje frå trompetisten Nils Petter Molvær og Det Norske Solistkor. Preses for Det Norske Vitskapsakademiet, Inger Moen, helsa velkomen ved å fortelja om bakgrunnen for etableringa av Abelprisen i matematikk.

Inspirera

- Stortinget vedtok å etablera Abelprisen for å gi matematisk forsking eit løft. Den skulle også inspirera matematikarar over heile verda til å kniva om denne prisen. Men eit anna formål er like viktig, den skal vekkja interesse for matematikk og realfag blant barn og ungdom. Difor er vinnarane av årets Abel- og KappAbel-konkurransar til stades i Aulaen i dag, fortalde ho.

Drivkraft

Like etter var det leiaren for Abelpriskomiteen, Erling Størmers tur. Han skulle gi ein presentasjon av årets prisvinnar, professor emeritus Jean Pierre Serre frå Collège de France i Paris.

- Serre har vore ei drivkraft i arbeidet med å gi dei forskjellige delane av matematikken ei moderne form. Arbeida hans kan delast inn i tre hovudgrupper, topologi, algebraisk geometri og tallteori. I doktorgraden sin frå 1951, introduserte Serre det som seinare har fått namnet Serres spektralsekvens. Innføringa av denne typen teknikk i algebraisk topologi var både original og grensebrytande, og den har hatt ein djup og varig påverknad på denne delen av matematikken, sa Størmer. Han viste til at Serre seinare flytta interessa frå algebraisk topologi til algebraisk geometri.

- Dei to vitskaplege artiklane hans FAC (Faisceaux Algébrique Cohérent) og GAGA (Géometrie Algébrique et Géométrie Analytique) frå 1955 og 1956 introduserte teknikkar frå algebraisk topologi til algebraisk geometri. Han var også ein av dei matematiske teoretikarane som la grunnen for at Fermats siste sats til slutt blei løyst. Mange kandidatar blei vurderte før me bestemte oss for kven som skulle få Abelprisen i matematikk for 2003. Ein av dei raga over alle dei andre. Det var Jean-Pierre Serre.

- Få personar har hatt meir å seia for så mange forskjellige felt innanfor moderne matematikk, og få personar har lagt grunnlaget for løysinga på så mange problem i geometri og tallteori som Serre, konkluderte Størmer til slutt. Etter desse store orda bad han
Jean-Pierre Serre om å koma fram for å ta imot prisen. Serre kom fram og tok imot prisen på seks millionar norske kroner frå kong Harald V. Det skjedde til stor applaus frå dei mange hundre frammøtte i Aulaen.

I takketalen sin gav han uttrykk for kor flinke arrangørane av Abelprisen hadde vore for å gjera prisen kjent og få sett matematikken på kartet.

- Tusen takk! avslutta han på norsk til stor jubel frå publikum.

Seinare på kvelden inviterte statsminister Kjell Magne Bondevik på vegner av regjeringa Jean Pierre Serre til Abel-bankett på Akershus slott.

Emneord: Niels Henrik Abel2, Forskning Av Martin Toft
Publisert 3. juni 2003 16:26 - Sist endra 10. des. 2008 15:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere