Både entreprenøren M+W Zander/Reinertsen Anlegg AS og byggherren SINTEF er einige om at noko må gjerast for å hindra at det vibrasjonsfrie laboratoriet for mikro- og nanoteknologi vibrerer. SINTEF meiner det kan koma på tale å stiva opp veggene i heile bygningen for å få det til medan entreprenøren ikkje ser føre seg ei så dramatisk løysing.
Dei er heller ikkje einige om kven som skal betala dei ekstra millionane utbetringsarbeidet vil kosta. Difor er entreprenøren M+W Zander/Reinertsen Anlegg AS no i tvist med byggherren SINTEF.
I utgangspunktet skulle bygningen kosta 142 millionar kroner. I tillegg kjem vitskapleg utstyr for 90 millionar kroner. Forskingsrådet har løyvd 65 millionar kroner av byggjesummen medan SINTEF betalar resten. UiO stiller med forskarar, men betalar elles ingenting for bygningen. Byggjekontrakten til entreprenørfirmaet er åleine på 120 millionar kroner.
NGI påviste vibrasjonar
Mikroteknologisenteret, som ber det engelske namnet The Microtechnology Research Laboratory, er eit prestisjeprosjekt for SINTEF og Universitetet i Oslo. Grunnsteinen blei lagt ned av næringsminister Ansgar Gabrielsen 7. juni i fjor. Laboratoriet, som etter planen skal bli eitt av dei mest avanserte i Europa, er på 5000 kvadratmeter, og etter planen skulle bygningen ha vore innflyttingsklar til jul i fjor. Bygningen stod klar 3. januar, men ein grundig sjekk frå Norges Geotekniske Institutt (NGI) på oppdrag frå byggherren SINTEF, viste at laboratoria som skulle vera vibrasjonsfrie, vibrerte. Difor har bygningen berre vore eit tomt skall utan vitskapleg utstyr sidan den stod ferdig. Det har nemleg vore umogleg å driva med det som laboratoria skulle brukast til.
Etter planen skulle forskarar frå SINTEF og UiO bruka senteret til blant anna å utvikla mikrosystem som kan overvaka blodsukkernivået i kroppen, skanna mønsteret på fingeren din for å erstatta passord og PIN-kode, og utvikla millimeterstore sensorar som utløyser airbag ved rulleulykker i bil. Sidan desse forsøka er heilt avhengige av at det er vibrasjonsfritt, er bygningen bygd på vibrasjonsdempande luftputer. No viser det seg altså at bygningen ikkje oppfyller dei krava til låg vibrasjon som er naudsynt for ei slik verksemd.
Dyr konstruksjonsfeil
- Det er også andre forhold i bygget som ikkje er i orden. Vibrasjonsproblemet er ein av dei tinga me jobbar med, stadfestar prosjektdirektør Anders Hanneborg i SINTEF.
- Akkurat no prøver me å finna ut korleis me kan løysa det problemet. Det kan bli snakk om å stiva opp heile bygningen for å få den vibrasjonsfri, opplyser han til Uniforum.
- Når vil bygningen kunna stå klar til
innflytting?
- Det kan eg ikkje seia. Men det kan ta fleire månader.
- Kan det ta over eitt år?
- Nei, eit heilt år ekstra vil det ikkje ta, viss me i det
heile tatt bestemmer oss for at bygningen kan brukast.
- Kor stor vil ekstrarekninga bli?
- Det kan eg ikkje svara på, men det kjem til å kosta fleire
millionar kroner ekstra.
Vedgår vibrasjonsproblem
Hos entreprenøren M+W Zander/Reinertsen Anlegg AS er det prosjektleiar Jan Skaalebraaten som har ansvaret for arbeidet på Mikroteknologisenteret. Også han vedgår at byggjekonflikten med SINTEF botnar i eit vibrasjonsproblem.
- Årsaka er at me er usamde om vibrasjonsdempinga i bygget.
Me er ikkje einige med SINTEF i korleis punktet om
vibrasjonsdemping skal tolkast i høve til kontrakten. Difor
har me også sett ned ei felles ekspertgruppe som skal sjå om
vibrasjonsdempinga kan gjerast betre, seier
Skaalebraaten.
- Men er det ikkje flaut for M+W Zander/Reinertsen Anlegg
AS å ha bygd ein vibrasjonsfri bygning som vibrerer?
- Det har heller aldri blitt oppført liknande bygg andre stader tidlegare, så vidt me kjenner til. Me meiner også at me har bygd bygningen slik som entreprenøren og SINTEF var einige om at den skulle byggjast frå starten av. SINTEF tolkar altså dette annleis, konstaterer han.
Han er klar over at prosjektdirektør Anders Hanneborg i SINTEF meiner det finst ein metode for å få til ein vibrasjonsfri bygning.
- Ja, SINTEF talar om å stiva opp heile bygningen. Men det vil ta mange månader, reknar han fort ut.
- Det store spørsmålet er kven som skal betala ekstrarekninga. Difor er M+W Zander/ Reinertsen Anlegg AS i tvist med SINTEF om dette no. Så om du skal spørja meg meir om det som har med tvisten å gjera, må du ta kontakt med advokatfirmaet Steenstrup/Stordrange, som tar seg av denne saka for oss.
- Kva trur du er grunnen til at bygningen ikkje er blitt vibrasjonsfri?
- Eg meiner det må ha noko med grunnforholda å gjera. I
Singapore skulle dei for ei stund sidan byggja eit liknande
mikro- og nanoteknologisenter midt i eit byområde. Då dei
fann ut at grunnforholda var for dårlege, bestemte dei seg
for å flytta heile prosjektet til ei tomt langt utanfor byen.
Det hadde kanskje vore lurt å ha gjort det same i dette
tilfellet, meiner han.
-Kvifor har ikkje det blitt gjort?
- Det må du spørja SINTEF om.
- Ikkje dårlege grunnforhold
Uniforum fylgjer oppfordringa og tar på nytt kontakt med prosjektdirektør Anders Hanneborg for å høyra om han er samd med prosjektleiar Jan Skaalebraaten i denne vurderinga.
- Eg er slett ikkje samd med Skaalebraaten i at grunnforholda er årsaka. Vibrasjonane er høgare i det spesielt dempa laboratoriet enn i den omliggande kontorseksjonen, fastslår han tørt.
- Kvifor valde de å byggja mikro- og nanoteknologisenteret i Gaustadbekkdalen og ikkje på ein stad langt frå T-bane og trikk?
- Ganske enkelt fordi Forskingsrådet eig denne tomta. Mikroteknologisenteret skulle vera felles laboratoriebygg for SINTEF og UiO. Difor la me det til Gaustadbekkdalen. Nyskaping,avskalling av forskingsverksemd og rekruttering er viktig for oss, så diofr la med senteret i tilknyting til Forskingsparken og til UiOs campus.
Ingen kan enno svara på når Mikroteknologisenteret i
Gaustadbekkdalen kan opna dørene og laboratoria for
forskarane. I mellomtida går forskarar ved UiO og SINTEF
rundt og er frustrerte fordi dei ikkje slepp til i Nordens
mest avanserte mikroteknologisenter.
Fakta om Mikroteknologisenteret:
- kostar 232 millionar kroner inkludert vitskapleg utstyr for
90 mill. kr.
- inneheld to 5000 kvm. store reint rom-laboratorium for
mikro- og nanoteknologi fordelte mellom UiO og SINTEF
- grunnsteinen blei nedlagt av næringsminister Ansgar
Gabrielsen 7. juni 2002
- forskarar skal utvikla mikrosystem som til dømes kan
overvaka blodsukkernivået i kroppen og skanna mønsteret på
fingeren din for å erstatta passord og PIN-kode
- er bygd på vibrasjonsdempande luftputer for at laboratoria
skal vera vibrasjonsfrie
Logg inn for å kommentere