Studentar skal diskutera offentleg helse

Studentar ved masterstudiet i internasjonal helse organiserer ein internasjonal studentkonferanse om offentleg helse i Oslo 15. og 16. mai. I fjor deltok 100 studentar frå 29 universitet over heile verda på den aller første studentkonferansen.

YNSKJER INNLEGG: Informasjonsansvarleg Andrej Grjibovski ber studentar om å melda seg for å halda innlegg på studentkonferansen om offentleg helse 15. og 16. mai.
Foto: Martin Toft

- Me håpar me skal klara å samla mellom 80 og 100 studentar frå Botswana og Ghana i sør til Noreg og Sverige i nord, frå USA i vest og til Nepal og Malaysia i aust, seier informasjonsansvarleg Andrej Grjibovski i organisasjonskomiteen. No ber han om at alle studentar ved UiO som kan tenkja seg å halda eit innlegg om offentleg helse, melder seg.

Kunnskapsutveksling

- Målet vårt er nemleg å fungera som eit forum for utveksling av forskjellige kunnskapar og røynsler med offentleg helse. Det vil dessutan vera eit fint høve for studentane til å skaffa seg praksis i korleis dei skal presentera eit innlegg på ein internasjonal konferanse. Difor vil me gjerne invitera alle studentar som går på eit av dei engelskspråklege masterkursa ved UiO, understrekar Grjibovski. Siste frist for innsending av innlegg er 15. mars.

Emneord: Studentsaker, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 25. feb. 2003 11:07 - Sist endra 10. des. 2008 15:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere