Miljøet viktigare enn menneske

Kinas styresmakter prioriterer miljøpolitikken framfor det sosiale aspektet ved flyttinga av 1,2 millionar menneske under utbygginga av damprosjektet Tre Kløfter på Yangtze-elva. Det er konklusjonen i Gørild Heggelunds doktoravhandling om den kinesiske migrasjonspolitikken.

TRE KLØFTER: - Når damprosjektet Tre Kløfter er ferdig, vil det liggja ein 600 km lang innsjø her, fortel Gørild Heggelund. (Foto frå Kina: Gørild Heggelund)
Foto: Ståle Skogstad

Det var i 1992 Folkekongressen gjorde endeleg vedtak om å demma opp Yangtze-elva ved Tre Kløfter for å skapa ein 600 kilometer lang innsjø som både skulle skaffa rein elektrisitet, temma elva og få fleire større båtar til å koma opp til byen Chongqing. Problemet var berre at dette ville innebera at 1,2 millionar menneske som budde i dei områda som ville koma under vatn, måtte tvangsflyttast. Difor stemte også ein tredel av representantane i Folkekongressen mot prosjektet.

Utbygginga av damprosjektet tok til i 1994, og sysselset i dag mellom 10 000 og 20 000 arbeidarar. Planen er at heile kraftanlegget skal vera klart til bruk i 2009. Gørild Heggelund har nyleg avslutta ei doktoravhandling ved Institutt for austeuropeiske og orientalske studiar, UiO, om fylgjene av denne kraftutbygginga.

Omstridd

- Prosjektet har vore omstridd heilt sidan det blei foreslått av Kinas første president Sun Yat-sen på 1920-talet. På 1950-talet drog Kommunistpartiet planane fram frå skuffa igjen, men også då blei det skrinlagt, trass i at formann Mao Zedong både hadde drøymt om prosjektet og skrive eit dikt om ein lang og stille innsjø omkransa av Tre Kløfter.

- Då forslaget kom opp igjen i 1989, kom det så mange protestar at det blei vedtatt å utsetja saka med fem år. Men på grunn av innskrenkinga av ytringsfridomen etter studentopprøret i 1989, kunne statsminister Li Peng presentera det på nytt for Folkekongressen allereie i 1992. Den gongen stemte altså ein tredel av representantane imot, men om det hadde kome opp i dag, ville prosjektet heilt sikkert fått fleirtalet mot seg, seier Gørild Heggelund.

Statsministerskifte

Det eine problemet etter det andre har dukka opp etter at utbygginga tok til.

- Så lenge Li Peng var statsminister, kom det berre positive artiklar om prosjektet i avisene. Etter at han gjekk av og blei erstatta av Zhu Rongji, kom det endeleg artiklar som sette søkjelyset på dei meir realistiske sidene ved prosjektet, ikkje minst når det gjaldt flytteprosessen. Området Chongqing er Kinas største kommune med over 30 millionar innbyggjarar. Mange av dei som bur langs elvebreiddene, er bønder.

- Meininga var at dei skulle flyttast frå landsbyane langs elvebreiddene til åssidene ovanfor. Problemet er at då vil dei trengja mykje meir jord for å kunne produsera like store avlingar som dei gjer i dag. Konklusjonen var at miljøet ikkje ville ha kapasitet til dette fordi det ville skapa erosjon og forureining. I 1999 bestemte difor den kinesiske regjeringa at 1,2 millionar personar skulle flyttast til 11 forskjellige provinsar, fortel Heggelund.

Nedprioriterer sosiale omsyn

Dermed blir dei rykka opp med røtene frå landsbyane sine.

- Dei må flytta langt frå familie og venner utan at dei kinesiske styremaktene legg noko vekt på det. Det sosiale aspektet er nemleg nedprioritert i høve til omsynet til miljøet. Årsaka til dette er at ein god miljøpolitikk er nøkkelen til økonomisk vekst for Kina. Så viktig er miljøpolitikken at den saman med familiepolitikken er dei to hovudsatsingane til den kinesiske regjeringa.

- Medan regjeringa sjølv tok seg av miljøomsyna i tilknyting til denne kraftutbygginga, blei flytteprosessen delegert til provinsadministrasjonen, seier Heggelund før ho kjem inn på problema dette skaper.

Korrupsjon

- Pengar som dei tvangsflytta skulle få som erstatning, går ofte i lomma til lokale byråkratar og politikarar. Den utstrekte korrupsjonen viser at dei statlege styresmaktene har for liten kontroll med kva pengane går til. Med den nye statsministeren blei det viktigare med informasjon om flyttinga i heile avgjerdsprosessen. Difor fekk pressa lov til å skriva om og driva meir nøktern rapportering også om negative sider ved flytteprosessen. Ein person er dømt til døden, og ei kvinne er dømt til livsvarig fengsel for korrupsjon i samband med den store pengeflaumen til dei lokale styresmaktene, seier Heggelund.

Ho har sjølv reist rundt i Kina og snakka med fleire av dei som er blitt tvangsflytta, sjølv om det ikkje har vore like lett å få dei i tale.

Sensitivt

- Dette er eit svært sensitivt tema som det har vore vanskeleg å forska på. Dei kinesiske styresmaktene er redde for at vestlege media skal omtala prosjektet negativt. Det er grunnen til at eg heile tida har måtta gå gjennom offisielle kanalar. Likevel har eg både fått helsa på folk som er svært nøgde fordi dei har fått eit mykje større hus enn det dei hadde før, og på folk som har problem med å livnæra seg etter at dei måtte flytta.

- På 1970- og 1980-talet fekk alle ei eingongsutbetaling som dei måtte greia seg på etter at dei hadde flytta. No får dei utbetalt ein fast sum for hus og jord i tillegg til at infrastruktur og økonomisk utvikling er med i planlegginga slik at folk får noko å leva av, fortel ho.

- Må få klaga

- Men Kina må også gå med på at det er eit sosialt problem å flytta på folk. Når dei er blitt lova ei lysare framtid, må folk få høve til å klaga når dei ikkje opplever det slik. I staden opplever dei at dei ikkje blir akseptert på den nye staden dei flyttar til på grunn av at dei har ein annan dialekt, andre tradisjonar og andre vanar enn dei som alltid har budd der, fastslår Heggelund som gjerne vil understreka at det ikkje er uvanleg at folk flyttar på seg i Kina.

- Kvart år flyttar 100 millionar personar frivillig. Dette viser at landet har ei svært mobil befolkning i høve til tidlegare. Den mest positive effekten av utbygginga av Tre Kløfter er at bruken av kol, etter det kinesiske styresmakter opplyser, vil bli redusert med 40-50 millionar tonn i året. Det er likevel lite, når Kina til saman brukar 1 milliard tonn kol i kolkraftverka sine, som produserer 70 prosent av Kinas energi. Det er berre USA som slepp ut meir CO2 enn Kina.

- Men i motsetning til USA har Kina nyleg ratifisert Kyoto-avtalen. Det gir eit håp om at miljøet i Kina kan bli betre i framtida, meiner Heggelund, som i dag arbeider som forskar ved Fridtjof Nansens Institutt.

Dette er Tre Kløfter-prosjektet:

- verdas største kraftutbygging vedtatt av Folkekongressen i 1992
- skal demma opp den delen av Yang-tze-elva som passerer fjellformasjonen Tre Kløfter
- den kunstige innsjøen blir 600 km lang, og vil liggja 170 m over vassoverflata
- samla kostnad 25 milliardar dollar (200 milliardar kroner)
- 1,2 millionar personar må flytta før demninga står ferdig i 2009

Emneord: Forskning, Kina Av Martin Toft
Publisert 12. feb. 2003 15:23 - Sist endra 10. des. 2008 15:29
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere