Lyrikk - frå bok til vegg

I den boklege storstova på Blindern har 23 dikt frå samtida tatt spranget frå tussmørket mellom stive permar og ut i lyse dagen - og opp på kvite veggar.

EIN DRAUM: - Eg har drøymd om å skriva dikt lenge, heilt sidan eg var ein liten gut, fortel Lars Amund Vaage.
Foto: Ståle Skogstad

Ei god stund allereie, har Galleri Sverdrup, eller "Georgs Galleri", som det kanskje vert kalla på folkemunne, husa utstillinga "skrift på vegg - norsk samtidslyrikk 1998-2002". Utstillinga viser 23 dikt av 21 poetar og varar fram til 14. mars.

Uniforum var til stades då utstillinga vart opna ein fredag midt i februar. Vi hadde høyrt nyss om at den multiprisvinnande forfattaren Lars Amund Vaage skulle koma. Og i lag med han, lyrikaren Hanne Bramness. Vaage har på 1990- talet markert seg som ein av våre mest sentrale samtidsforfattarar og har hausta mange lovord og prisar for bøkene sine. Han har gitt ut romanar, novellesamling, barnebok og skodespel. For to år sidan kom han med den fyrste diktsamlinga si, "Det andre rommet".

- Kona og eg

- Det er fyrste gong eg kjem saman med kona mi, Hanne Bramness, for å lesa dikt. Årsaka til det er vel at eg ikkje har skrive dikt før. Det er kjekt å lesa saman med henne, seier han og smiler lunt, einogfemtiåringen.

- Skjer det noko med dikta på vegen frå bok til vegg?
- Ja, det gjer det. Dikt på vegg blir jo ein slags plakat. Det fargar lesinga. Og diktet står der ikkje aleine, men i lag med andre dikt av andre lyrikarar. Det blir eit slags multimediashow, dette her.

- Likar du å få dikta dine utstilte på denne måten?
- Ja. Eg trur det har stor verdi. Det er fint å prøva nye måtar å formidla lyrikk på. Det er naudsynt for sjangeren, trur eg.

Barndomens sauer

Vaage er vestlending, fødd på Sunde i Sunnhordland. Han fortel om ei hending frå folkeskulen som gjorde djupt inntrykk. I naturfagboka las vesle Lars Amund at sauer er flokkdyr, at sauene fylgjer etter bjøllesauen overalt, endåtil beint utfor stupet. Vaage ynskjer med dikta å gå i polemikk med naturfagboka. Og han skildrar einsemda til sauebonden.

- Er det å veksa opp på ein sauegard på Vestlandet framleis utgangspunkt for ditt syn på verda?
- Nei, men det har mykje å seia. Det er fint for meg å bruka desse tinga i teksten. Bruka erfaringane frå bygda. Eg har skrive om kyr også. Eg visste eg måtte forlata bygda. Bygda er ikkje mi greie, skjønar du. Han fortel at han, kona og borna no bur i eit stort, gamalt hus i det som eingong var Noregs minste by, Hølen, heilt sør i Akershus.

- Kvifor tek ein feira romanforfattar til med å skriva lyrikk?
- Eg har drøymd om å skriva dikt lenge, heilt sidan eg var ein liten gut. Kvifor gjorde eg det ikkje før no? Eg har venta på dikta. Eg har venta lenge, prøvd. Men denne gongen fekk eg tak i ei strofe. Det er naudsynt å gje rom i kvardagen til diktet, gå bort frå skrivebordet, gjera ei mental reise.

Regnet i Buenos Aires

Hanne Bramness (f. 1959) har i alt gjeve ut fem diktsamlingar sidan ho debuterte som lyrikar for 20 år sidan. Diktsamlinga Regnet i Buenos Aires gav ho ut i fjor. Bramness har òg gjendikta andre lyrikarar og vore redaktør for fleire utgjevingar.

- Nei, eg har aldri stilt ut dikta mine før. Om eg likar denne forma? Eg har ikkje tenkt så mykje over kvifor, men det har vel med at det bokstaveleg talt gjev rom for teksten, rom for meditasjon. Eg synes utstillinga her er fint estetisk gjort, her er ikkje noko som uroar.

Vannglasset som bæres inn i det hvite
morgenlyset, dryppende, iskaldt i en
tørr hånd. Sorgen klarner som vannet
i glasset når de ørsmå boblene går ut av
det, minnet av den, filtret inn
i morgenlyset.

Frå Regnet i Buenos Aires, 2002

Av Trine Nickelsen
Publisert 27. feb. 2003 08:59 - Sist endra 10. des. 2008 15:26
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere