Ordensrådet har i grunngjevinga si lagt vekt på det eineståande arbeidet Vaglum har gjort for norsk og internasjonal psykiatrisk forsking og norsk medisin. Det tredje momentet ordensrådet har lagt vekt på, er innsatsen hans for å redusera prestasjonspresset for dei minste, sosial integrering og tryggleik for barn og ungdom av begge kjønn og kor viktig det er for oppslutnaden om idretten.
Kansellisjef Egil Vindorrum overrekte dekorasjonen under ei markering på Domus Medica fredag 31. januar. Per Vaglum takka for utmerkinga med å uttrykkja tvil over om han var den rette personen å dela ut ein slik heider til:
- Er eg verdig til dette? Men så kom eg til å tenkja på at det var kongen som hadde bestemt det, og kongen kan jo ikkje ta feil, klarte eg å overtyda meg sjølv om, sa Vaglum til fortent applaus frå frammøtte venner og kollegaer frå helse- og idrettssektoren.
Under arrangementet var det mange som trekte fram kor viktig Per Vaglum hadde vore for å heva statusen til barne- og ungdomspsykiatrien. I tillegg til forsking, undervisning og idrettsliv har Per Vaglum også fått tid til å skriva skjønnlitteratur. Denne veka debuterer han som skjønnlitterær forfattar med romanen "Psykoterapi og kjærlighet" på Universitetsforlaget.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere