Idélosane

Eric Partaker, Rakel Hansen og Torunn Leine Auestad er profesjonelle idélosar for stiftinga Venture Cup. Dei kan hjelpa deg med å realisera forretningsideen din til eit levedyktig foretak.

IDÉFISKARAR: Dagleg leiar Eric Partaker, konkurranse- og arrangementsansvarleg, Rakel Hansen og informasjons- og marknadføringsansvarleg Torunn Leine Auestad i Venture Cup.
Foto: Ståle Skogstad

Dei tre tilsette ved hovudkontoret til Venture Cup ved UiO ber no både forskarar, studentar og andre om å senda inn ein forretningsidé til konkurransen Venture Cup innan 24. februar. Både dagleg leiar Eric Partaker, konkurranse- og arrangementsansvarleg Rakel Hansen og informasjonsansvarleg Torunn Auestad er opptekne av å få fram at dei no har lagt forholda så godt til rette for dei som er interesserte i å laga ein forretningsplan at det ikkje finst noko orsaking for ikkje å delta.

På nett

- Forelesingsrekka i Oslo starta opp 28.januar med direkte overføring via nettet. Dermed kan alle som vil delta anten dei bur på Lindesnes i sør eller på Nordkapp i nord. Det einaste me krev er at dei har tilgang til Internett. Og om dei ikkje rakk den første forelesinga, kan dei gå inn på internettsidene til Venture Cup for å få spelt av heile opptaket av forelesinga, fortel alle tre i kor. Dei håpar at enda fleire forskarar vil delta i år i høve til tidlegare år.

- Tidlegare har mellom fem og ti prosent av deltakarane vore forskarar. Mange synest sikkert at det er dårleg, men om me går litt nærare inn på tala viser det seg at 70 prosent av deltakarane har fire år eller meir med høgare utdanning og 20 prosent av deltakarane hadde sju års utdanning frå universitet eller høgskule. Kvart år har fleire blant dei ti beste hatt forskarbakgrunn, fortel Raker Hansen.

Ber kvinner om å melda seg

- Sjølv om ikkje deltakarane har vore forskarar, har mange av forretningsideane dei har sendt inn vore forskingsbaserte, legg Eric Partaker til. I år vil Venture Cup også setja inn ein ekstra støyt for å få med fleire kvinner i denne idékonkurransen.

- Difor vil me ha eit spesielt kvinnearrangement 6. mars. Det er for få kvinner som driv med entreprenørskap i dag, og det vil me gjerne gjera noko med, understrekar Eric Partaker. Venture Cup vil dela ut 650 000 kroner i premiar til dei beste forretningsideane. Vinnarideen vil få tildelt førstepremien på 250 000 kroner.

Entreprenørskap

- Det er viktig å understreka at dette ikkje er Noregsmeisterskapen i oppfinning, men ei opplæring i entreprenørskap og i korleis det er mogleg å kommersialisera ein god forretningsidé. Undervisninga i idéskaping og i utarbeiding av ein forretningsplan vil også gi deltakarane 6 studiepoeng. Dei som melder seg på vil også få hjelp til å utarbeida ein forretningsplan frå studentar i entreprenørskap ved Handeshøyskolen BI, forklarar Torunn Auestad.

- Fire år etter at Venture Cup tok til er 50 selskap starta med utgangspunkt i denne konkurransen, legg ho til.

- I Noreg har problemet ofte vore at folk er redde for å mislukkast. I USA, der eg vaks opp, er folk klar over at dei kanskje vil mislukkast to gonger før dei endeleg klarer å etablera ei stabil bedrift, seier Partaker.

Dei som vil vita meir om idékonkurransen Venture Cup, kan gå inn på desse nettsidene: www.venturecup.org

Fakta:
- Venture Cup blei stifta opp på initiativ frå konsulentselskapet McKinsey
- i 1996 blei stiftinga etablert i Europa, og er i dag representert i Tyskland, Sverige, Finland og Danmark
- i Noreg er hovudsamarbeidspartnarane Norsk Hydro, Statens Nærings- og Distriktsutbyggingsfond og Noregs forskingsråd. I tillegg får stiftinga støtte frå alle dei norske universiteta og fleire høgskular og private verksemder
- i 2002 blei det levert inn 136 forretningsidear til Venture Cup

Emneord: Internasjonalisering, Næringsliv Av Martin Toft
Publisert 13. feb. 2003 10:48 - Sist endra 10. des. 2008 15:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere