Det er petroleumsgeologi, miljøgeologi og forskinga på korleis det er mogleg å førehandsvarsla naturkatastrofar som jordskjelv og jordras det blir mest aktuelt å samarbeida om, opplyser instituttstyrar Anders Elverhøi ved Institutt for geologi til Uniforum. Difor kjem instituttet til å samarbeida nært med det nye senteret for framifrå forsking ved NGI, Centre for Geohazards og den nytilsette direktøren, Farrokh Nadim, som opprinneleg kjem frå Iran.
Oppglødd
Professor Per Aagaard er koordinator for masterprogrammet i miljøgeologi og er svært oppglødd over å få iranske studentar til instituttet.
- Studiet av den organiske forureininga frå oljeprodukt er vår spesialitet, og noko som dei iranske forskingsinstitusjonane ynskjer at studentane deira lærer meir om. Me veit at Iran har eit bra universitetssystem med svært gode studentar som konkurrerer sterkt seg i mellom for å koma inn på dei beste universiteta. Denne konkurransen er det som regel dei kvinnelege studentane som vinn, akkurat som i resten verda, fortel Per Aagaard.
Irans visepresident
Instituttstyrar Anders Elverhøi er også oppteken av at dette vil passa inn i satsinga på internasjonalisering ved UiO.
- Kvart år drar 20 000 norske studentar til utlandet for å studera. Målet vårt må jo vera at me får minst like mange utanlandske studentar til å koma hit, slår han fast. Det var då Irans kvinnelege visepresident og miljøvernminister, Dr. Massoumeh Ebtekar, besøkte UiO i 2001 me tok kontakt med henne for å finna ut korleis interessa var for eit undervisnings- og forskingssamarbeid. Me blei me einige om at det mest interessante fagfeltet ville vera forholdet mellom petroleum og miljø, fortel Elverhøi. Seinare drog professor Per Aagaard saman med Farrokh Nadim til Iran for å ta opp spørsmålet om eit samarbeid med iranske forskingsinstitusjonar. Kort tid etterpå drog professor Knut Bjørlykke til Iran for å halda kurs i reservoargeologi for dei tilsette ved National Iranian Oil Company (NIOC).
Stort behov
- Iran har eit stor behov for velutdanna kandidatar på dette feltet og på forskinga av førehandsvarsling av naturkatastrofar. Når ein veit kor ofte landet er utsett for jordskjelv er jo det lett å forstå. Me besøkte også det iranske petroleumsuniversitetet og der ville dei gjerne senda 20 studentar på engelskspråklege masterkurs ved UiO i året, seier Nadim.
- Det blir nok i meste laget frå ein enkelt institusjon.
Målet vårt er at fleire iranske studentar skal få høve til å
ta masterkurset i petroleumsgeologi og miljøgeologi når
samarbeidet har kome ordentleg i gang. To iranske studentar
har allereie søkt seg inn på masterkurset i petroleumsøkologi
som startar til hausten, fortel Aagaard og Elverhøi. Dei
håpar no at også iranske studentar kan koma inn på
kvoteprogrammet til Norad eller bli finansierte på andre
måtar av norske styresmakter.
- Sidan både Statoil og Hydro er sterkt inne i olje- og
gassverksemda i Iran, trur me det vil lønna seg for norske
styresmakter å finansiera opphaldet og studia til iranske
studentar som vil studera ved til dømes UiO. Viss dei kjem
hit, vil det føra til gode personlege kontaktar med dei som i
framtida vil ha viktige stillingar i Irans oljeindustri,
understrekar Elverhøi. Han meiner Noreg difor må vera svært
offensiv på finansieringssida.
- Det hadde vore fint om det kunne knytast utdanning til ein eventuell industriavtale mellom Noreg og Iran, synest han. - Dessutan er Iran også interessert i å ta imot norske studentar som ynskjer å gjera feltstudiar i jordskjelvråka område, legg han til. I februar drar ein delegasjon frå NGI og Institutt for geologi til Iran for å skriva under ein samarbeidsavtale med Geological Survey of Iran.
Logg inn for å kommentere