Kristin Clemet viser til at Utdannings- og
forskingsdepartementet kjem til å halda fram med å krevja
måltal for likestillingsarbeidet ved universitet og
høgskular.
- Gjennom Kvalitetsreforma står dei også friare til å setja i
gang nye verkemiddel for å få ei betre fordeling av kvinner
og menn i vitskaplege stillingar. Fantasien og kreativiteten
i likestillingsarbeidet er mykje større i dag enn for ti år
sidan. Det finst andre tiltak enn kvotering og øyremerking.
Difor trur eg ikkje arbeidet for å få fleire kvinner inn i
akademiske stillingar er sett tilbake på grunn av denne
dommen, understrekar ho. Ho viser også til tall som
illustrerer at Noreg ikkje kjem så verst ut når det gjeld
talet på kvinner i akademia i høve til land som Danmark,
Tyskland og Storbritannia.
- Men eg har opplevd eit svært stort engasjement i denne saka
frå dei vitskapleg tilsette ved universiteta og høgskulane
dei gongene eg har besøkt dei, seier ho til Uniforum.
- Eg seier meg lei for at me nå blir hindra i å bruka eit
tiltak som har vist seg å være godt for å auka talet på
kvinner i leiande stillingar på dette området, meiner
Clemet.
Ein konsekvens av at EFTA-domstolen i dag altså har sagt nei
til øyremerking av vitskaplege stillingar for kvinner. fører
til at ein må vurdera å endra universitets- og høgskolelova,
skriv UFD i ei pressemelding. Praksisen ved enkelte
institusjonar med å utlysa stillingar kun for det
underrepresenterte kjønnet, må dei difor slutta med. Men det
er framleis mogleg å bruka moderat kjønnskvotering, som
inneber at ein ved to eller fleire likt kvalifiserte søkjarar
til ei stilling kan velja den som tilhøyrer det
underrepresenterte kjønnet.
Utdannings- og forskningsdepartementet vil likevel halda fram arbeidet med andre likestillingstiltak. Det gjeld både å ta i bruk rekrutteringsstillingar og ta likestillingsomsyn ved tilsetjing i faglege stillingar. Kvinner i faglege stillingar må sikrast arbeidsvilkår som gjer dei i stand til å kvalifisera seg for opprykk, til dømes ved å få høve til å få undervisningsfrie semester. Doktorgradsstipendiatar som tar svangerskapspermisjon skal få rett til å forlengja åremålsstillingane sine. Gunstige barnehageordningar vil også fremja likestillingsarbeidet ved universiteta og høgskulane, slår Utdannings- og forskingsdepartementet fast.
Logg inn for å kommentere