Kollegiet omdøypt til Universitetsstyret

Kollegiet er med seks mot fem stemmer omdøypt til Universitetsstyret. Det vedtok Universitetsstyret (Kollegiet) på sitt første møte 21. januar. Styret har også vedtatt å tilsetja Elisabeth Halsen som ny organisasjons- og personaldirektør.

NYTILSETT: Universitetsstyret har tilsett Elisabeth Halsen som ny organisasjons- og personaldirektør ved UiO.
Foto: Ståle Skogstad

Det akademiske kollegium blei altså gravlagt under møtet tysdag 21. januar og er oppstått frå det døde som Universitetsstyret. Likevel stemte altså fem av dei 11 medlemane imot at Kollegiet skulle endra namn. Samtidig vedtok også det nydøypte Universitetsstyret å leggja ned Kollegierådet som tidlegare ofte kom med innspel til Kollegiet utan at det hadde nokon formell maktposisjon.

Universitetsdirektøren Tor Saglie hadde foreslått å etablera eit internt forum for universitetspolitisk debatt som ei forsøksordning, som ei slags erstatning for Kollegierådet. Styremedlemane ville også ha eit slikt forum, men dei ville ha ein annan modell enn den universitetsdirektøren la på bordet. Eit samrøystes universitetsstyre bad difor universitetsdirektøren om å koma med nytt framlegg til eit forum som kan halda liv i den universitetspolitiske debatten.

Elisabeth Halsen ny personaldirektør

Etter nærare ni månader utan organisasjons- og personaldirektør har eit samrøystes universitetsstyre tilsett Elisabeth Halsen i denne stillinga. Stillinga har stått ledig heilt sidan Grete Fjeld Heltne slutta våren 2002. Det blei også tilsett ein ny organisasjons- og personaldirektør på seinsommaren i fjor, men vedkomande som blei tilsett, takka til slutt nei. Difor blei det sett i gang ein ny søknadsrunde i haust. Elisabeth Halsen har tidlegare vore direktør for organisasjon, kultur og kompetanse i Gyldendal Norsk Forlag. Ho har dessutan jobba i Organisasjons- og personalavdelinga tidlegare, men då var ho underordna fungerande personaldirektør Erik Gulbrandsen, som ho no vil bli sjef for.

Masterprogramma vedtatt

Universitetsstyret vedtok også alle dei 59 foreslåtte masterprogramma som UiO skal tilby studentane frå hausten 2003. Dei aller fleste av desse programma er på to år med unntak av profesjonsstudia som anten er på fem (informatikk, samfunnsøkonomi, odontologi) eller seks år, t.d. teologi. I debatten understreka både Kristian Gundersen og Harriet Bjerrum Nielsen at det burde stillast krav om at alle fag kravde ei hovudoppgåve på 60 studiepoeng. Til slutt blei det vedtatt å lata rektor få høve til å krevja ei grunngjeving frå dei faga som ville tilby eit masterprogram med ei hovudoppgåve nærmare 30 enn 60 studiepoeng. Det blei dessutan vedtatt å gi dei masterprogramma som er retta mot internasjonale studentar nemninga Master in (namn på fag) i staden for Master of Philosophy/Master of Science som tidlegare. I vedtaket blei det understreka at fagmiljøa må ta på seg ansvaret for å bidra til at studentane i størst mogleg grad gjennomfører studia på normert tid.

Delegerte saker til rektor

Det blei vedtatt å delegera saker frå Universitetsstyret til rektor i samband med iverksetjing av endra lov om universitet og høgskular. Frå no av vil difor fylgjande saker bli delegert til rektor:
- Tildeling av doktorgradar
- Reglementsjusteringar som fylgje av lov, føreskrift eller prinsipielle vedtak gjorde av styret
- Oppnemning av nasjonale bedømmingskomitéar ( på grunnlag av innstilling frå fakultetet)
- Høyringsfråsegner, som ikkje inkluderer viktige utdannings- og/eller forskingspolitiske spørsmål eller andre strategiske eller ressursmessige implikasjonar.
- Justering av opptakskrav til enkeltstudium
- Fordeling av rekrutteringsstillingar i samsvar med prinsipp vedtekne av styret og etter føregåande handsaming i styret sin forskingskomité
- Løpande saker knytte til fond/legat (styrehonorar, vedtekter)
Neste møte i Universitetsstyret er tysdag 25. februar.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 22. jan. 2003 09:34 - Sist endret 10. des. 2008 15:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere