Behovet for å motvirka at Russland mistar vitskaplege talent er dei siste ti åra blitt stadig meir akutt i takt med at den russiske staten har redusert sin del av forskingsfinansieringa frå 95 til 50 prosent. Difor har mange unge forskarar blitt sterkt frista av tilbod om å inngå kontraktar med utanlandske forskingssinstitusjonar. Dette tappar og svekkar dei russiske vitskapsmiljøa som ofte er kjende for den høge internasjonale standarden sin, går det fram av ei pressemelding frå Universitetet i Oslo.
Det var den norske forskaren Sjur Olsnes, som er knytt til Radiumhospitalet og UiO, som innleia samarbeidet med russarane om det medisinske senteret. Sjølv var han stipendiat i Moskva i Sovjet-perioden. Saman med professor i radiologi ved Rikshospitalet/UiO, Frode Lærum, og med sterk støtte frå dåverande rektor Lucy Smith, blei senteret oppretta for å gi unge lovande russiske forskarar høve til å forska i heimlandet sitt. Samtidig blei det oppretta fagleg samarbeid mellom Russland og Noreg.
Markeringa i Universitetets aula startar i dag, 24. januar klokka 1600 med helsingstalar av blant andre rektor Arild Underdal. På konserten medverkar det russiske solistensemblet "Orpharion" med solistane Per Arne Glorvigen og Svetlana Andreeva. Programmet blir leia av NRKs Moskva-korrespondent Hans-Wilhelm Steinfeld.
Logg inn for å kommentere