EFTA-domstolen går imot kvinneprofessorat

EFTA-domstolen gir ikkje Noreg medhald i spørsmålet om Universitetet i Oslo kan halda fram med å øyremerka professorat for kvinner. Det får me opplyst hos sekretariatet til EFTA-domstolen i Luxembourg.

EFTA-domstolen har altså dømt Noreg for brot på EØS-artikkel 7 og 70 om likebehandling i arbeidslivet, og like sjansar til opprykk på grunn av praktiseringa av øyremerkte professorat og andre vitskaplege stillingar for kvinner ved dei norske universiteta.

Noreg blir også dømt for brot på artiklane 2 (1), 2 (4) og 3 (1) i EU-direktivet frå 9.februar 1976 om gjennomføring av prinsippet om likebehandling av menn og kvinner når det gjeld tilgangen til arbeid, høve til opprykk og arbeidsvilkår, slik det er nemnt i punkt 18 i tillegg 18 til EU-avtalen.

EFTA-domstolen kom altså til at ei slik øyremerking ikkje er i samsvar ermed direktivet om lik behandling av menn og kvinner. I dommen heiter det vidare at avvik frå denne retten i nasjonale reglar og nasjonal praksis berre kan tillatast dersom det blir gitt tilstrekkeleg rom for ei avveging mellom behovet for å fremja det underrepresenterte kjønnet og sjansane for kandidatar av det andre kjønnet til å få ei objektiv vurdering av kvalifikasjonane sine. Prinsipielt må det vera ein sjanse for at den best kvalifiserte kandidaten får stillinga, står det i dommen. Det blir vist til at sjansen for at kvinnelig livserfaring i fleire akademiske disiplinar kan vera relevant ved vurderinga av om kandidaten er eigna og kvalifisert for ein høgare akademisk stilling, kan føra til høgare grad av likskap mellom menn og kvinner.

Denne dommen er endeleg og kan ikkje ankast.

Emneord: Likestilling Av Martin Toft
Publisert 24. jan. 2003 11:46 - Sist endret 10. des. 2008 14:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere