Norums etterfylgjar klar måndag

Måndag 8. oktober klokka 22 blir det truleg klart om det er Arild Underdal eller Eivind Osnes som skal etterfylgja Kaare R. Norum i rektorstolen ved Universitetet i Oslo. Då skal alle stemmene som er blitt avgitt under rektorvalet vera ferdig talde.

Parhestane Anne-Brit Kolstø og Arild Underdal og parhestane Eivind Osnes og Camilla Serck-Hanssen kjempar om å overta rektorklubba etter Rolv Mikkel Blakar og Kaare R. Norum.
Foto: Ståle Skogstad

Alle dei tilsette ved UiO skal leggja stemma si i ein konvolutt og senda den direkte til valstyret slik at stemma vil vera framme innan måndag 8. oktober kl. 1600. For studentane blir det derimot eit vanleg urneval. Det vil seia at dei både torsdag 4., fredag 5. og måndag 8. oktober kan stemma ved spesielle stemmestader rundt på heile universitetet. Desse stemmestadene skal vera opne minst seks timar mellom klokka 0900 og 2000. Alle dei som ynskjer å fylgja rektorvalet på så nært hald som mogleg, kan på valdagen 8. oktober møta opp på valvake på restauranten Proffen frå kl. 18-24. Begge rektorkandidatane med prorektorkandidatar er oppmoda til å vera til stades. Proffen vil vera open for alle studentar og tilsette, og det vil vera høve til å kjøpa både mat og drikke for eigne pengar.

Emneord: Universitetspolitikk, Rektorvalget Av Martin Toft
Publisert 2. okt. 2001 11:42 - Sist endra 10. des. 2008 15:34
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere