Apollon fekk andrepris

Universitetet i Oslos forskingsmagasin Apollon fekk andrepris i Kommunikasjons-foreiningas konkurranse om årets eksterne bedriftsavis. I fjor blei Apollon kåra til beste avis i denne klassen. - Det kjennest godt å vera på sigerspallen i år også, seier redaktør Johannes W. Løvhaug.

APOLLONREDAKSJONEN: Frå venstre: Trine Nickelsen, Unni Bjørge, Ståle Skogstad, Alv Reidar Dale og Johannes W. Løvhaug.
Foto: Martin Toft

I grunngjevinga frå prisjuryen blir det understreka at bladet har aktualitetspreg med artiklar frå mange vitskaplege disiplinar som er framstilte i ein god journalistisk form.

Juryen trekkjer også fram layouten (bladbunaden), som den meiner er god og forsterkar bodskapen. Illustrasjonane har høg kvalitet og får fram ekstra informasjon. Dermed fekk Apollon ni av ti moglege poeng, like mange som vinnaren Manpower Magasin og Statsbyggs magasin Åpent rom som tok tredjeplassen.

- Andreplassen stadfestar at Apollon er eit tidsskrift av høg kvalitet, meiner redaktør Johannes W. Løvhaug.
- I år fekk me ni av ti moglege poeng akkurat som i fjor. Målet vårt må difor vera å få det siste poenget plass slik at me oppnår ti poeng under neste års konkurranse, legg han til. Han støttar prisjuryen si vurdering av Apollon som han meiner er godt grunngjeven
- Det er ei profesjonell vurdering og eg ser også at dette forskingsmagasinet kan bli enda betre, påpeikar Løvhaug. Han viser også til at bladet blir mykje lest.

- Responsen frå lesarane tyder på at det er stor interesse for popularisert forskingsstoff. Eg vil også trekkja fram at det er moro at Informasjonsavdelinga ved Universitetet i Oslo kan gjera alt arbeidet og bringa eit fiks ferdig magasin direkte til trykkeriet. Difor vil eg gjerne takka alle medarbeidarane som har vore med og laga Apollon, seier Løvhaug.

I klassen for interne bedriftsaviser gjekk sigeren til Postavisa, medan Norske Skogs People and Paper og Fylkesavisa til Nord-Trøndelag fylkeskommune kom på dei neste plassane.

Emneord: Apollon Av Martin Toft
Publisert 26. okt. 2001 13:44 - Sist endra 10. des. 2008 14:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere