Uklar tale frå rektorkandidatane

Rektorkandidatane Arild Underdal og Eivind Osnes avslørte lite om kva dei ville gjera som rektor ved Universitetet i Oslo under valdebatten måndag 24. september. Dei 200 personane som hadde møtt fram i Georg Sverdrups hus, fekk heller ikkje noko klart bilete av kva som var dei viktigaste skilnadane mellom dei to kandidatane.

Hovudpersonane under rektorvalet: prorektorkandidat Anne-Brit Kolstø, rektorkandidatane Arild Underdal og Eivind Osnes og prorektorkandidat Camilla Serck-Hanssen.
Foto: Ståle Skogstad

Dette var første gong begge rektorkandidatane kunne stilla med prorektorkanditane sine Dermed kunne me endeleg sjå Eivind Osnes med prorektorkandidat Camilla Serck-Hanssen og Arild Underdal med prorektorkandidat Anne-Brit Kolstø på eit brett. Under debatten som Tenestemannslaget ved UiO skipa til for ti dagar sidan, kunne ikkje Anne-Brit Kolstø stilla opp sidan det ikkje gjekk fly frå USA til Noreg dei første dagane etter terroraksjonane i New York, Washington og Pittsburgh.

Valdebatten blei leia av tidlegare Aftenposten- og NRK-journalist, Terje Svabø. Han vedgjekk tidleg at han hadde store problem med å finna dei store meiningsskilnadane mellom dei to rektorkandidatane Eivind Osnes og Arild Underdal på grunnlag av det han hadde lese i valplattformene deira. Den første saka der det var teikn til litt temperatur mellom kandidatane var i spørsmålet om korleis dei hadde tenkt å finansiera forskinga. Der var Underdal meir open for alternative måtar å gjera det på enn Osnes.

Forskingsfinansiering

- Eg meiner me må kunna bruka resultatbasert finansiering av ein del av forskinga. Det må nok tunge tak til internt for å få dette til, men eg vil at de skal lata meg få prøva det for å sjå om eg meistrar denne utfordringa. I framtida vil staten si rolle overfor universiteta bli at den syt for at den etterspurde utdanninga og forskinga blir stilt til disposisjon. På same måten som det har vore ei endring i tankemåten innan helse og statlege selskap, så er det på gang ei liknande utvikling innan forskings- og utdanningssektoren. I eit slikt framtidsbilete treng me eit universitet som er i forkant og etablerer nye fagområde når det er behov for det. sa Underdal.

- Osnes, kva var du usamd med Underdal i her? spurte Terje Svabø.

- Dette viser at han går svært langt i å gå inn for stykkprisfinansiering av forsking. No veit me jo allereie at regjeringa kjem til å gi ei eiga løyving til forsking på komande statsbudsjett utan at me har fått noko klart bilete av korleis dette skal skje reint konkret. Ei slik stykkprisfinansiering vil føra til at staten ville kjøpa forskinga der den ville få den billegast. Det ville ikkje styrkja finansieringa av den frie forskinga som forskaren sjølv tar initiativet til. Å gå inn for stykkprisfinansiering av forsking kan fort bli sjølvoppfyllande, meinte Osnes.

- Forsvarar Underdal ei dødslinje? spurte Svabø.

- I alle fall er det eit feil signal å senda ut i ein situasjon der me har fått politikarane til å forplikta seg til å løfta opp forskingsløyvingane til gjennomsnittleg OECD-nivå, i tillegg til at dei går inn for ei eiga basisløyving til universiteta, sa Osnes.

Underdal var i tvil om kva Osnes meinte med dette.

- Eg er ikkje sikker på kva du meiner med stykkprisfinansiering. Det ordet har eg aldri brukt. Mi overtyding er at universitetet vil bli vurdert etter kva det gjer og ikkje etter kva representantar for universitetet seier kva me vil gjera. Også eg går inn for at mesteparten av forskingspengane skal gå til den frie grunnforskinga. Om me får dekka dette vilkåret, så synest eg likevel at ein del av forskingspengane bør bli fordelte etter fri konkurranse forskarane i mellom på grunnlag av kvalitet. Det vil alle forskarar ha godt av, slo Underdal fast.
- Er det nok forskingspengar ved UiO i dag til at det vil lata seg gjera å få det til straks ? ville Svabø vita.
- I dag er det så knappe driftsmidlar at det ikkje ville ha vore rom for det. Då måtte det i tilfelle ha skjedd ei omdimensjonering av fagområda på universitetet, svarte Underdal.

Men Osnes ville ikkje gi seg så lett:

- Underdal var i mange år nestleiar i hovudstyret til Noregs forskingsråd som heile tida har gått inn for å styrkja programforskinga i høve til den frie grunnforskinga.

- Det at eg har sete i eit styre vil ikkje seia at eg alltid har delt fleirtalet sitt syn i alle saker. Personleg har eg tatt opp i NFRs hovudstyre om ikkje me måtte gjera noko for å betre balansen mellom løyvingane til programforsking og løyvingane til grunnforsking, svarte Underdal og heldt fram:

- Samtidig så er det viktig å understreka at eg ser det som heilt naudsynt at det blei oppretta eigne forskingsprogram for sur nedbør og kvinneforsking. Ikkje minst det siste er eit fagfelt som møter stor motstand i mange forskingsmiljø, og difor var det heilt på sin plass å setja i gang eit slikt program, konstaterte han.

Begge kandidatane var opptekne av å få næringslivet til å finansiera ein del av forskinga og at næringslivet har vore for lite interessert i forsking. Underdals prorektorkandidat Anne-Brit Kolstø viste også til at i næringslivet er det stor etterspurnad etter grunnforskarar.

- Næringslivet er ute etter kvalitet og det kan me gi dei. Difor vil det vera svært samfunnsnyttig å utdanna mange kandidatar som kan driva med grunnforsking, understreka ho.

- Då må me heller ikkje gløyma at mange fag på universitetet driv med forsking som næringslivet ikkje interesserer seg noko særleg for, kvitterte Osnes´ prorektorkandidat Camilla Serck-Hanssen.

Styring av universitetet

Når det galdt spørsmålet om kva haldning dei to rektorkandidatane har til fleire eksterne styrerepresentantar i Kollegiet, gjekk Underdal lengst i å seia at han ikkje hadde noko spesielt imot det.

- Tidlegare var eg ein av dei som meinte at det ikkje var naudsynt med eksterne representantar i Kollegiet. Røynslene til no har derimot vist at dyktige eksterne representantar har mykje å tilføra i eit universitetsstyre. Men viss talet på dei eksterne representantane i Kollegiet blir auka, så kan ikkje det skje utan at det også får fylgjer for resten av organiseringa av UiO, konkluderte Underdal.

- No held med på å få noko som verken er fugl eller fisk, meinte Osnes. - Den faglege autonomien til universitetet kan berre bli tatt vare på gjennom fagleg styring. Det er jo det komande kollegiet som skal ta stilling til dette når den endelege løysinga på korleis universiteta skal organisera seg er klar, påpeika han.

- Osnes ,vil dette seia at du og Underdal tenkjer heilt likt i dette spørsmålet?

- Underdal og eg tenkjer litt forskjellig. Eg vil framleis ha valde leiarar med fagleg legitimitet og sterkast mogleg lokalt demokrati på grunnivået. Berre ved musea vil det vera naturleg å ha ei fast tilsett leiing, sa ein skråsikker Osnes.

- Eg står på same synet som Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre stod på under stortingshandsaminga av Kvalitetsreforma. Institusjonane må få bestemma sjølve kva styringsform som er mest tenleg for dei, sa Underdal. - Difor trur eg at det ved enkelte institutt ville vore formålstenleg med ein vald instituttstyrar medan det ved andre einingar på universitetet ville ha vore meir naturleg med ein fast tilsett dagleg leiar, la han til.

Rektorrolla

- Synest de at rektor skal ha meir makt enn i dag? spurte debattleiaren.

- Ja, eg vil gjerne det, stadfesta Underdal. - Men samtidig vil eg gjerne ha ein kritisk og open diskusjon før ei avgjerd blir tatt. Då må også alle etterpå respektera at vedtaka skal fylgjast.

- Nei, eg synest ikkje rektor skal ha meir makt, meinte Osnes. - Eg vil som rektor ha ein open diskusjon der alle blir høyrde. Dessutan vil eg gå i forhandlingar med KUF for å få mest mogleg pengar til gjennomføringa av Kvalitetsreforma. Dette arbeidet lovar eg å gjera så godt eg kan, om eg blir vald til rektor.

- Og eg vil gjera så god jobb som mogleg for å få gjennomført Kvalitetsreforma. Samtidig trur eg at det vil bli mindre pengar enn det me treng for å gjennomføra tiltaka i denne reforma. Difor vil det bli naudsynt at Stortinget fylgjer opp jobben med å skaffa oss meir pengar, understreka Underdal.

Osnes meinte også at studentar og forskarar måtte stilla krav til kvarandre.

- Studentane kan krevja det beste av oss og me må krevja det beste av studentane, sa han.

Underdal var oppteken av universitetet si rolle i samfunnet.

- Eg vil stå opp med rak rygg og seia at den jobben me gjer ved Universitetet i Oslo er til beste for samfunnet og difor fortener samfunnet si støtte, lova Underdal.

Emneord: Universitetspolitikk, Rektorvalget Av Martin Toft
Publisert 26. sep. 2001 16:07 - Sist endra 10. des. 2008 16:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere