Ingen UiO-tilsette er sakna i USA

Førebels har ikkje Universitetet i Oslo fått melding om at tilsette ved UiO var i New York eller i Washington då USA blei ramma av to terroråtak i går. Det opplyser personalsjef Trond Tveit Selvik til Uniforum. Heller ikkje UiO-studentar er i dette området.

Det er altså ingen studentar som er sende ut på utvekslingsprogram i regi av Universitetet i Oslo som er i området som blei råka av terroråtaka mot USA tysdag 12. september. Det opplyser førstekonsulent Svein Hullstein i Seksjon for internasjonale program ved UiO til Uniforum.

Flyselskapet SAS melder at dei vil starta opp igjen med flygingar til USA tidlegast fredag. Amerikansk luftrom er stengt til og med onsdag 12. september klokka 1800. Alle passasjerar som har tinga plass på fly til eller frå USA i dag og i morgon får plass på seinare flygingar eller blir gitt full refusjon om dei ynskjer det, melder SAS. Dei passasjerane som sit igjen i USA blir tatt hand om inntil vidare og vil få plass på SAS sine eigne eller andre flyselskap sine ruter. Alle passasjerar blir bedne om å kontakta reisebyrået sitt eller SAS for å få plass på ei anna flyrute.

Tidlegare i dag meldte nettstaden student.no at rundt 100 norske studentar er ved universitet i Washington og New York. Dei aktuelle universiteta er Columbia University og Pace University på Manhattan og DC American University, John Hopkins University og Georgetown University i Washington. Organisasjonen for norske studentar i utlandet ANSA samarbeider no med alle sine representantar i USA, Sjømannskyrkja på Manhattan og konsulatet i New York, og har hatt kontakt med fleire studentar. Utanriksdepartementet slit med å få kartlagt alle nordmenn i områda som er råka. Og uroa foreldre har også tatt kontakt med ANSA.

- Barna deira har som oftast ringt og gitt beskjed om at dei har det bra. Men nokre foreldre lurar på om det er andre nordmenn som er råka, seier president i ANSA, Andre Nerheim til student.no

Emneord: Terror i USA Av Martin Toft
Publisert 12. sep. 2001 15:44 - Sist endra 10. des. 2008 15:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere