Kaupang kan ha vore Noregs første by

- Me har mange indikasjonar på at det var heilårs busetnad på Kaupang utanfor Larvik, men me manglar framleis det endelege provet, seier førsteamanuensis Dagfinn Skre frå UiO, som leiar utgravingane på Kaupang.

Prosjektleiar Dagfinn Skre til venstre saman med historikarane Else Roesdahl frå Århus Universitet og Richard Hall frå York Archaelogical Trust som eig Jorvik Viking Centre i England.
Foto: Martin Toft

Blant dei indikasjonane som tyder på at Kaupang var Noregs første by er funnet av ein 40 kilo tung kvernstein og funn av fleire vevsteinar. I tillegg viser tidfestinga av trevirket som er funne i latrinene på utgravingsstaden at trea har blitt felte ein gong mellom oktober og april i år 849, men også seinsommaren 863 blei det felt trevirke som er funne i desse latrinene.

- Dersom me finn fleire slike funn, kan det tyda på at det var heilårsaktivitetar på Kaupang, og då kan me erklæra staden som Noregs første by og ikkje berre som ein marknadsplass frå vikingtida, fortel Dagfinn Skre frå Institutt for arkeologi, kunsthistorie og konservering, UiO.

Også i utlandet har desse utgravingane vekt stor oppsikt. Difor har både Richard Hall, som leia utgravingane av vikingtidas York og vikingeksperten Else Roesdahl ved Århus Universitet sagt ja til å vera blant dei 17 medlemane i Det internasjonale rådet for Kaupang-undersøkinga. Hall er i dag direktør for York Archaelogical Trust som eig Jorvik Viking Centre, medan Roesdahl har skrive boka The Vikings som er blant dei mest brukte oversiktsverka om vikingtida. Begge ser på utgravingane på Kaupang som svært viktige for å kunna kartleggja vikingtida enda betre.

Opprør

- I ei setning i franske historiske skrifter står det om danske kongar som drog til Kaupang. Det kan vera eit teikn på at dei kom hit for å slå ned eit opprør i utkanten av det danske riket, fortel Roesdahl.

- Det kan altså tyda på at Kaupang var ein dansk og ikkje ein norsk by, legg ho til med eit smil. Meir alvorleg konstaterer ho at utgravingane er svært viktig for å få eit betre bilete av dansk historie.

- Ikkje minst fordi norske vikingar frakta med seg mange norske ting til dei danske handelsstadane, er det viktig å finna ut enda meir om livet i Kaupang anten det var ein vikingby eller ein marknadsplass, seier ho.

Richard Hall trur at utgravingane kan kasta nytt lys over forskjellige tidsperiodar i vikingtida.
- Med den banebrytande teknologien for tidfesting av funna i Kaupang, kan dette prosjektet setja heile vikingtida i eit nytt perspektiv. Det kan også gi oss ny kunnskap om utviklinga av vikingsamfunna frå 800-talet og fram til vikingtida tok slutt på 1100-talet, seier Hall.

Perler frå India

At det var ein stor og viktig handel mellom vikingane på Kaupang og resten av verda, er funna på denne utgravingsstaden eit godt prov på.

- Perler frå India er nok det mest eksotiske funnet me har gjort. Men me har også funne myntar frå område som i dag er ein del av Irak og Iran. Rhinområdet og Nederland er andre produksjonsstader for dei gjenstandane me har funne på Kaupang, fortel Skre.

Fylkespolitikarane i Vestfold og lokalpolitikarane i Larvik går no svangre med ein idé om å byggja eit formidlingssenter i tilknyting til utgravingsfeltet på Kaupang. Difor er det sett ned ein eigen etterbrukskomité med blant andre rektor Kaare R. Norum som medlem. I tillegg er politikarar og representantar for den administrative leiinga i Vestfold fylkeskommune og Larvik kommune med i denne komiteen.

Permanente utgravingar

- Me er svært glade for at rektor Kaare R. Norum ved Universitetet i Oslo har sagt ja til å vera med i denne komiteen. Dessutan kjøper me gjerne ideen hans om å ha permanente utgravingar i tilknyting til eit formidlingssenter på Kaupang, seier fylkesrådmann Halvard Kausland i Vestfold. Til Uniforum presiserer han at funna må bli verande i lokalmiljøet også etter at utgravingane er ferdige.

- Det er ein gamaldags formidlingspolitikk å flytta slike gjenstandar til eit museum i hovudstaden. FNs organisasjon for utdanning, vitskap og kultur (UNESCO) har jo også understreka kor viktig det er at eit museum har lokal tilknyting. Det faktum at over 100 personar var innom utgravingsfeltet på Kaupang i løpet av den timen du var her, tyder på at det vil vera stor nok interesse for eit formidlingssenter på Kaupang, seier Kausland. Både han og fylkespolitikar Hans Hjerpekjønn frå Arbeidarpartiet er einige om at Kaupang er så viktig at rikspolitikarane må engasjera seg i finansieringa av formidlinga av historia som Kaupang-prosjektet avdekkar.

- Dette er eit nasjonalt prosjekt som staten må ta ansvaret for og som den ikkje kan overlata til Larvik kommune og Vestfold fylkeskommune å ta hand om åleine. Det store engasjementet Universitetet i Oslo har vist for dette prosjektet, må få rikspolitikarane til å få augene opp for kor viktig Kaupang-prosjektetet er for norsk historie, er Kausland og Hjerpekjønn einige om.

Emneord: Kaupang Av Martin Toft
Publisert 20. juni 2001 13:16 - Sist endra 10. des. 2008 15:19
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere