Blakar stiller ikkje som rektorkandidat

Prorektor Rolv Mikkel Blakar vil likevel ikkje stilla opp som kandidat under rektorvalet ved UiO 8. oktober. Dermed er det førebels berre professor i fysikk, Eivind Osnes og professor i statsvitskap, Arild Underdal som er rektorkandidatar.

Rolv Mikkel Blakar stiller ikkje som rektorkandidat til hausten.
Foto: Martin Toft

Denne konklusjonen har Rolv Mikkel Blakar trekt etter at han ikkje fekk den naudsynte støtta frå dekanane etter at han sjølv i eit lesarinnlegg i Uniforum gjekk ut og ba om oppbakking til sitt kandidatur. Det hjelpte difor ikkje at det kom mange positive tilbakemeldingar frå andre tilsette. I eit nytt lesarinnlegg som blir publisert i Uniforum trekkjer han difor den slutninga at han ikkje har nok oppslutnad til å delta i kampen om rektorvervet ved Universitetet i Oslo.

Ikkje redd for å tapa

Det er heller ikkje frykta for å tapa som gjer at han trekkjer seg som rektorkandidat, går det fram av lesarbrevet: "Eg er ikkje redd for å tape, slik sitjande prorektorar som har stilt opp før har gjort. Men nøkternt vurderer eg gapet fram til ein realistisk sjanse som så stort at det for både UiO og meg personleg er meir fornuftig om å gjere ein best mogleg innsats som prorektor - og støttespelar for Norum - også i det halvåret som er att."

Rolv Mikkel Blakar var den som først gjorde det klart i intervju både i Uniforum og i Universitas at han kunne tenkja seg å stilla som kandidat under rektorvalet 8. oktober. Grunngjevinga var at han ville garantera at dei grepa det sitjande rektoratet har festa blei vidareført i neste rektorperiode. Etter at Arild Underdal og Eivind Osnes kom på bana som sjølverklærte rektorkandidatar, har Blakar ikkje opplevd eit liknande engasjement og trykk for sitt kandidatur som folk ved universitetet har vist for Osnes og Underdal som rektorkandidatar. "Lettare ironisk må det konkluderast at klemt inne mellom grasrotopprøret til Osnes og det mytiske ryktet til Underdal, vert det ikkje rom for kandidaturet til ein i fylgje Universitas mediekåt prorektor."

Difor slår han fast at det ikkje er demonstrert tilstrekkeleg realistisk grunnlag for hans kandidatur. UiOs prorektor avviser også at han er bitter. Men han legg til at arbeidet i rektoratet har vore så gjevande at han med glede hadde ført det vidare.

Under kan de lesa heile lesarinnlegget til Rolv Mikkel Blakar:

EXIT REKTORKANDIDATUR

Rolv Mikkel Blakar

Sitjande prorektorar vil naturleg nok ofte oppleve eit visst ansvar for å vidareføre arbeidet. Særleg den korte perioden for vårt rektorat kombinert med mange initiativ og høgt aktivitetsnivå har gjort også meg opptatt av kva som skjer "etter oss". Derfor sa eg alt i januar da Universitas spurte om rektorvalet at eg stilte opp dersom universitetssamfunnet ynskte det.
Etter fleire månader kom det bl.a svar i form av at to andre kandidatar lanserte seg. Med bakgrunn i UiOs lange tradisjon for å velje noko nytt og ikkje satse på vidareføring gjennom sitjande prorektor, spurde eg derfor rett ut i Uniforum om det var interesse denne gongen. Ei rekke positive tilbakemeldingar til tross, min nøkterne konklusjon er at det ikkje er grunnlag for mitt kandidatur.
Når eg først har sagt meg villig til å stille, for deretter å konkludere med at eg ikkje finn at det er grunnlag for mitt kandidatur, så har døkk krav på ei forklaring.

Sjølvsagt har eg supplert lesarbrevet i Uniforum med å snakke med sentrale personar i dei ulike miljø som eg har tillit til. Prototypsvaret kan samanfattast slik: "Du har gjort ein god jobb som prorektor (fleire sa hyggeleg nok "svært god") og du ville verte ein god rektor, men du har ikkje sjanse når Underdal stiller." Fleire la til: "Han kjem jo til og med frå ditt eige fakultet." (Som mange vil vite, var han favorittkandidat i nominasjonsprosessen også for tre år sidan, men da var svaret frå Underdals tenkeboks nei.) Og frå dei som i mangel av ein ordinær nominasjonskomité er dei næraste til å vurdere UiOs behov for kontinuitet og vidareføring versus behovet for nye kostar og nye grep, nemleg dekanane, har eg ikkje opplevd støtte. (I motsetning til ved rektorvalet sist da dekanane fungerte nesten som ein uformell nominasjonskomité, har eg forstått at det ikkje er aktuelt denne gongen.) Og frå mine forventa støttespelarar ved Mat.nat var eit ikkje uvanleg svar: "Du veit eg skulle meir enn gjerne støtta deg, men denne gongen må eg/vi slutte opp om vår eigen sterke kandidat." Enkelte la til at dei alt hadde skrive under på støtteliste. Og folk i administrasjonen oppfører seg stort sett så profesjonelt nøytralt at eg berre må gisse meg til om dei er fornøgde og dermed vil støtte mitt kandidatur eller om også dei helst vil ha nye kostar og nye grep.
Rett skal vere rett: Ei rekke meir eller mindre sentrale enkeltpersonar i ulike miljø og ikkje minst fleire studentrepresentantar har reagert svært positivt på mitt eventuelle kandidatur. Det siste er eg særleg glad for, for det viser at sjølv om eg har hatt mine kontroversar med studentane, så har den grunnleggjande viljen min til å arbeide for betre undervisning og studiekvalitet vorte oppfatta.

Utan krav på objektivitet: Det er mi beste vurdering at UiO nå ville vere betre tent med at dei grep det sitjande rektoratet har festa, vert vidareført i neste periode enn at enten Underdal gjennomfører sine nye analysar og tar nye grep ut frå sin ideologi eller at Osnes gjennomfører sitt grasrotopplegg (jfr. lanseringsintervjua med dei to i Uniforum.) Men dette er tydelegvis ikkje ei utbreidd oppfatning!

Nøkternt sett må eg derfor konkludere sonderingane mine og tilbakemeldinga (eller mangel på tilbakemelding) med at det ikkje er grunnlag for mitt kandidatur. Eg er ikkje redd for å tape, slik sitjande prorektorar som har stilt opp før har gjort. Men nøkternt vurderer eg gapet fram til ein realistisk sjanse som så stort at det for både UiO og meg personleg er meir fornuftig at eg konsentrerer meg om å gjere ein best mogleg innsats som prorektor - og støttespelar for Norum - også i det halvåret som er att. Før eg vil setje det viktige og meiningsfulle arbeidet som prorektor til sides for å bruke tida og engasjementet til valkamp, må eg oppleve ein rimeleg grad av realisme. Det gjer eg ikkje! For i talande motsetning til Osnes som i god, gammaldags grasrotaksjon vert støtta av underskriftsliste[r] og Underdal som ved å sitje lenge og vel i tenkeboksen har skapt nesten magisk entusiasme for sitt kandidatur, så har eg i det halve året som har gått sidan eg i eigenskap av sitjande prorektor utfordra universitetssamfunnet ved å seie at eg kunne tenke meg å stille dersom det var interesse for ei slik vidareføring, ikkje opplevd tilsvarande trykk og engasjement for mitt kandidatur. Heller ikkje lesarbrevet mitt i Uniforum utløyste engasjement i tilstrekkeleg omfang, slik eg vurderer det. Lettare ironisk må det konkluderast at klemt inne mellom grasrotopprøret til Osnes og det mytiske ryktet til Underdal, vert det ikkje rom for kandidaturet til ein i fylgje Universitas mediekåt prorektor!

Men frå (sjølv-)ironi til seriøs konklusjon: Ut frå mi beste vurdering er det ikkje demonstrert tilstrekkeleg realistisk grunnlag for mitt kandidatur. Og dett var dett, som Wesenlund ville ha sagt. For ordens skuld: Kanskje dette vert lese som om eg er bitter? Det er eg ikkje! Dei som kjenner meg, veit at eg ikkje hadde det å verte rektor i tankane da eg sa ja til å verte prorektor. Hadde eg hatt ein rektor i magen hadde eg stilt som rektorkandidat sjølv, slik nesten halve Kollegiet eg sat i for tre år sidan gjorde! På den andre sida skal eg ærleg innrømme at arbeidet i rektoratet har vore så gjevande at eg med glede hadde ført det vidare.

Emneord: Rektorvalget Av Martin Toft
Publisert 11. juni 2001 15:10 - Sist endra 10. des. 2008 14:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere