Anne-Brit Kolstø prorektorkandidat

Farmasiprofessor Anne-Brit Kolstø blir Arild Underdals prorektorkandidat under rektorvalet 8. oktober. I dag leier ho si eiga forskingsgruppe ved Bioteknologisenteret.

Professor ved Farmasøytisk institutt, Anne-Brit Kolstø blir Arild Underdals prorektorkandidat under rektorvalet til hausten. (Foto: Bioteknologisenteret)

Professor ved Farmasøytisk institutt, Anne-Brit Kolstø har sagt ja til å stilla som Arild Underdals prorektorkandidat under rektorvalet 8. oktober. Ho arbeider i dag ved Bioteknologisenteret, der ho leier ei eiga forskingsgruppe. I grunngjevinga si for å velja Kolstø, legg rektorkandidat Arild Underdal vekt på at ho har same universitetspolitiske grunnsyn som han i tillegg til at ho arbeider innanfor eit naturvitskapleg fagfelt i rivande utvikling. Kolstø har også god kjennskap til særprega og behova til profesjonsutdanningane, understrekar Underdal.

Sidan Underdal sjølv er professor i statsvitskap ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet, ser han det som viktig at Kolstø kjem frå eit anna fakultet med ulik bakgrunn og ein heilt annan type kompetanse.

Etter at Underdal har plukka ut Anne-Brit Kolstø som prorektorkandidat og at det er klart at Rolv Mikkel Blakar ikkje stiller som rektorkandidat, er det dermed to motkandidatar med to kvinnelege prorektorkandidatar som er klare for kappløpet om å overta rektorstolen ved Universitetet i Oslo etter dagens rektor Kaare R. Norum. På den eine sida står rektorkandidat Eivind Osnes frå Fysisk institutt med prorektorkandidat Camilla Serck-Hanssen frå Filosofisk institutt medan rektorkandidat Arild Underdal frå Institutt for statsvitskap og prorektorkandidat Anne-Brit Kolstø frå Farmasøytisk institutt og Bioteknologisenteret står på den andre sida.

Emneord: Rektorvalget Av Martin Toft
Publisert 12. juni 2001 10:54 - Sist endra 10. des. 2008 14:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere