UiO-studentar i Beograd under Milosevic-arrestasjon

- Me budde i nærleiken av Slobodan Milosevics hus, men me fekk berre høyra rykter om kva som gjekk føre seg der. Det fortel student i statsvitskap ved UiO, Martine Lien Engerud, som saman med 40 andre norske studentar var i Beograd under arrestasjonen av Serbias tidlegare statsleiar.

Dette er HF-fakultetet ved Universitetet i Beograd.

Dei 40 norske studentane kom til Beograd torsdag 29. mars, og hamna på eit hotell 100 meter frå bustaden til Slobodan Milosevic. Dagen etter var dei i audiens hos presidenten i delrepublikken Serbia, Milan Milutonovic, og seinare på kvelden starta politioperasjonen som til slutt enda med arrestasjonen av Serbias tidlegare president, Sloboban Milosevic.

Trass i nærleiken til åstaden, var det ikkje lett å få vita kva som eigentleg skjedde, fortel Martine Lien Engerud.

- Nokre av studentane var utanfor huset hans til klokka 05.00, men dei blei stoppa av politiet før dei kom så nær at dei kunne sjå kva som skjedde. Dessutan var dei på feil side av huset, og då dei prøvde å fotografera litt av det som skjedde, blei dei hindra av politiet, seier Lien Engerud, som også hadde høyrt rykter om at det hadde vore skyting i samband med arrestasjonen. Desse ryktene fekk ho likevel ikkje stadfesta før ho kom i kontakt med Uniforum, som kunne fortelja henne at desse ryktene ikkje berre var rykter, men fakta. - Alle studentane er i god form, og har ikkje opplevd farlege situasjonar, understrekar ho.

Overraskande arrestasjon

- Men det har vore spennande og interessant å vera i Beograd. Tysdag var me på besøk hos OSSE-delegasjonen, og dei fortalde oss at dei hadde gått og venta på at Milosevic skulle arresterast, men då det skjedde, kom det svært overraskande på dei. For oss har det også vore viktig å koma i kontakt med serbiske studentar i organisasjonen OTPOR og merka kor politisk engasjerte dei er i høve til norske studentar. Me opplever også korleis mange serbarar er svært sinte på Vesten på grunn av bombinga under krigen om Kosovo. Samtidig har me merka kor betent spørsmål om den framtidige statusen til Kosovo og Montenegro framleis er blant serbarane, seier Lien Engerud.

Pressekonferanse

Tidlegare i veka heldt også fagutvalet ved Institutt for statsvitskap ved UiO ein eigen pressekonferanse i samband med besøket i Serbia.

- Seinare på kvelden viste dei bilete frå denne pressekonferansen i serbisk fjernsyn. Det var sjølvsagt svært morosamt å oppleva at eit besøk av norske studentar får ei slik merksemd seier Lien Engerud. Før dei drar heim skal studentane møta både dei tilsette ved Den norske ambassaden og representantar for EU. I går møtte dei professor i nordiske språk ved Universitetet i Beograd, Ljubisa Rajic.

- Mange spår at det no vil valfarta folk frå heile verda til Serbia for å få med seg alt det spennande som skjer. Men ein rumensk student, som me blei kjende med, meinte at om ti år vil Serbia ha utvikla seg til eit stille og roleg land, og ikkje lenger vera så interessant, fortel Martine Lien Engerud på telefon frå Beograd.

Emneord: Balkan Av Martin Toft
Publisert 4. apr. 2001 11:57 - Sist endra 10. des. 2008 16:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere