Gjenopplivingsprogram vekkjer oppsikt

Forsvaret, Rikshospitalet og Legevakta ynskjer alle å bruka eit nytt interaktivt gjenopplivingsprogram som er utvikla av medisinstudentane Wai Man Chan og Fredrik Nomme ved UiO.

Medisinstudentane Fredrik Nomme og Wai Man Chan ved UiO har utvikla eit interaktivt multimediaprogram om basal hjarte-lunge-redning.
Foto: Martin Toft

Det interaktive gjenopplivingsprogrammet eller resuscitasjonsprogrammet er laga som ei obligatorisk oppgåve under medisinstudiet. Det offiesielle namnet er basal hjarte-lunge-redning.

- Programmet er i utgangspunktet meint som eit hjelpemiddel i undervisninga for medisinarstudentar. Me ynskjer at flest mogleg skal få bruka dette programmet. Difor vil alle som ynskjer det kunna gå inn på Internett og bruka det. Men for å få full nytte av programmet er ein nøydd til å ha tilgang til breiband, fortel Chan og Nomme til Uniforum.

God respons

- Både Forsvaret, Rikshospitalet og Legevakta har gitt oss tilbakemelding om at dei ynskjer å bruka programmet til internopplæring av dei tilsette, seier dei to medisinarstudentane.

- Det er svært gøy å få så god respons på dette programmet. Teoretisk kunnskap om gjenoppliving er naudsynt, og dette interaktive programmet kan hjelpa folk med å vedlikehalda denne kunnskapen. Men programmet kan likevel ikkje erstatta den praktiske treninga med dokker, seier dei to medisinstudentane, som gjerne vil trekkja fram den faglege assistansen frå Petter Andreas Steen ved Ullevål sjukehus og teknisk rettleiar Edvin Bach-Gansmo ved Ferdighetssenteret til Det medisinske fakultetet. Samtidig set me stor pris på hjelpa frå USIT i samband med tilrettelegginga for Internett, fortel Chan og Nomme.

- Kvifor valde det å laga eit multimediaprogram i staden for å laga ei tradisjonell skriftleg oppgåve?

- På byrjinga av 90-tallet opna fakultetet for at studentane kunne laga multimediaprogram som obligatorisk oppgåve under medisinstudiet. Me fekk begge lyst til å nytta oss av dette tilbodet, og difor tok me kontakt med Edvin Bach-Gansmo. Saman med han gjekk me gjennom kva multimediaprogram som var blitt utvikla tidlegare, og til slutt bestemte me oss for å laga eit multimediaprogram om gjenoppliving fordi det var eit allmennyttig emne, minnest Chan og Nomme.

Kan brukast av alle

- Folk som er interesserte i dette programmet kan bruka det når dei vil, og kvar dei vil. Alle dei andre multimediaprogramma som er laga ved medisinstudiet er også tilgjengelege på Internett, og det er kanskje vårt program som er mest til nytte også for vanlege folk. Gjenopplivingsprogrammet oppfyller alle retningslinjene og krava til Det europeiske resuscitasjonsrådet.

- Desse retningslinjene blir endra over tid, og fordelen er at me kan leggja inn desse oppdateringane i programmet når desse kjem. Både Fredrik Nomme og Wai Man Chan tar til med turnustenesta si til sommaren. Dei vil oppfordra andre medisinstudentar til å utvikla multimediaprogram som obligatorisk oppgåve.

- Du treng ikkje spesiell datakunnskap for å gjera dette. Me måtte læra oss å bruka eit spesielt publiseringsverktøy. Det er berre kreativiteten som set grenser, meiner Chan og Nomme.

Imponert

Amanuensis Edvin Bach-Gansmo ved Ferdighetssenteret til Det medisinske fakultetet har vore teknisk rettleiar for dei to studentane, og han er godt nøgd med arbeidet deira.

- Eg er svært imponert over kva desse to studentane har utført. Dei har sett saman lærestoffet på ein fagleg og pedagogisk svært god måte, og nytta
mange av dei unike løysingane som multimedia-programmering byr på, seier Bach-Gansmo, som gjerne trekkjer fram eigentesten som er lagt inn i programmet.
- Brukarane blir testa med randomiserte spørsmål som må svarast på under tidspress - svar kjem umiddelbart. Resultatet har blitt svært bra, og bør
vera nyttig ikkje berre for helsearbeidarar, men også for vanlege folk. Hjarte-lungeredning utført på ein korrekt måte kan redda liv, understrekar Bach-Gansmo.

Emneord: Nettbasert læring Av Martin Toft
Publisert 4. apr. 2001 16:30 - Sist endra 10. des. 2008 15:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere