Ynskjer 150 millionar kroner årleg til forsking på funksjonelle materialar

- Det er utviklinga av funksjonelle materialar som er framtida og det kan få mykje å seia både når det gjeld å utvikla miljøvennlege gasskraftverk, mikrosystem for dosering av legemiddel og den vidare utviklinga av bioteknologien.

Det sa professor Helmer Fjellvåg ved Kjemisk institutt ved UiO, då han saman med blant andre rektor Kaare R. Norum ved UiO og rektor Emil Spjøtvoll ved NTNU overrekte planen for utviklinga av funksjonelle materialar (FUNMAT) til statsekretærane Brit Schultz i Nærings- og handelsdepartementet og Randi Øverland i Kyrkje- utdannings- og forskingsdepartementet fredag 23. februar.

Initiativtakarane meiner denne forskinga også kan kunna gi raskare reknemaskinar, nye digitale lagringsmedium, nye og betre skjermteknologi og betre og sikrare trådlaus så vel som jordbunden breibandskommunikasjon.

- I framtida kan Noreg bli materialleverandør til resten av verda, om det blir satsa skikkeleg på denne forskinga, understreka Fjellvåg. Rektor Kaare R. Norum understreka at dette var eit forskingsprosjekt som unge forskarar ved UiO, NTNU, SINTEF og Institutt for energiteknikk på Kjeller hadde tatt initiativet til.

- Samtidig viser me at me kan samarbeida og at me kan satsa på ting der Noreg er i forskingsfronten akkurat som Forskingsmeldinga legg opp til. Dessutan er forskinga på utvikling av funksjonelle materialar innanfor dei områda som Forskingsmeldinga skisserer som hovudssatsingsfelta for norsk forsking i tida framover, presiserte Norum.

Statssekretær Brit Schultz, fortalte at dei i departementet var vant til å få gåver som dei måtte betala dyrt for.
- Men eg forstår godt at det kostar å så frø før me kan hausta fruktene av såmannsarbeidet. Det er også eit svært spennande prosjekt, og eg kan lova at eg skal ta denne planen opp i regjeringa og gi den ei skikkeleg fagleg og politisk handsaming, understreka Schultz. Statssekretær Randi Øverland i KUF kommenterte det faktum at store forskingsinstitusjonar samarbeider om eit slikt prosjekt.

- Det viser at de har tatt kritikken mot at de heile tida ynskjer å satsa like mykje på alt ad notam. Dessutan har de no vore så flinke at de med dei to prosjekta FUGE (funksjonell genomforsking) og FUNMAT har disponert alle staten sine løyvingar til forsking for mange år framover, sa Øverland.

Planen for utvikling av funksjonelle materialer (FUNMAT) er eit samarbeid mellom Universitetet i Oslo, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim (NTNU), SINTEF og Institutt for energiteknikk på Kjeller. Denne planen tar også sikte på å utdanna høgt kvalifisert arbeidskraft innan dette feltet. UiO og NTNU vil difor etablera fullverdige og tverrfaglege utdanningstilbod i moderne materialvitskap med grunnlag i naturvitskaplege disiplinar som fysikk og kjemi. Det blir gjort framlegg om ei satsing på 150 millionar kroner årleg over 10 år til denne forskinga.

Emneord: FUNMAT Av Martin Toft
Publisert 23. feb. 2001 17:03 - Sist endra 10. des. 2008 16:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere