Apollon kåra til årets bedriftsavis i 2000

Apollon , Universitetet i Oslos forskingsmagasin, fekk førsteplassen i konkurransen om årets bedriftsavis 2000 i klassen for eksterne blad. Konkurransen blir arrangert av Norsk Kommunikasjonsforening, og prisen blei delt ut 25. januar.

Tidlegare Apollon-redaktør Johan Tønnesson tar imot førstepremien av Ole Christian Apeland i Kommunikasjonsforeningen.
Foto: Martin Toft

- Det finst berre ein ting som er betre enn å vera redaktør for Apollon, og det er å vera forskar. Det sa tidlegare redaktør for Apollon og noverande forskar, Johan Tønnesson, då han på vegner av Apollon-redaksjonen tok i mot eit grafisk blad av Per Kleiva, som det synlege provet på at Apollon var kåra til årets bedriftsavis.

- Eg vil gjerne bringa æra for denne prisen vidare til alle dei andre medarbeidarane i redaksjonen. Sjølvsagt har eg lagt merke til at Apollon oppnådde ni av ti moglege poeng, noko som viser kva som bør bli målet til min etterfylgjar som redaktør, Johannes Waage Løvhaug, sa Tønnesson, etter at han hadde fått utdelt premien av styremedlem Ole Christian Apeland i Norsk Kommunikasjonsforening under torsdagsmøtet til lokallaget i Akershus/Oslo i Høyres Hus.

Aktuelle og gode temaval

Grunngjevinga for å gi prisen til Apollon var dei svært aktuelle og gode temavala om Matematikkens magi og Historiens makt. Magasinet får også ros for godt skrivne artiklar, artistisk presentasjon og for problematiserande stoff som til dømes artiklane "Hvorfor er sosiologiske teoretikere så uenige?" og "Kvinner blir syke av å ha det vondt". Dessutan får Apollon ein ekstra pluss for relevante bokomtalar.

Men juryen, som har vore samansett av kommunikasjonsrådgjevar Harald Queseth frå Argument Bergen og journalist Normann Kirkeeide i Bergens Tidende, hadde gjerne sett at det var fleire forskingsnyhende.

På andreplass i klassen kom Manpowers Manpower Magasin og på tredjeplass Flytogets kundeblad Go to gate. I klassen for internaviser delte Universitetsavisa, internavisa til NTNU i Trondheim, førsteplassen med Gjensidige NORs internavis Kontant. På tredjeplass kom Nord-Trøndelag fylkeskommunes internavis Fylkesavisa. Til saman deltok 72 blad og aviser i konkurransen.

Emneord: Informasjonsavdelinga Av Martin Toft
Publisert 26. jan. 2001 11:12 - Sist endra 10. des. 2008 14:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere