Notiser

Forrige Innhold NesteUniforum nr. 18 1999


Notiser

100 millionar ekstra til universiteta

Dei fire norske universiteta får til saman 100 millionar kroner til omstilling. Det går fram av budsjettforliket mellom regjeringspartia og Arbeidarpartiet. I kollegierådet på fredag gjorde Kaare R. Norum det klart at han rekna med at Universitetet i Oslo ville få rundt 60 millionar kroner av denne potten. Høgskulane blir styrkte med 20 millionar kroner i høve til det opprinnelege budsjettframlegget til regjeringa. I tillegg inneber budsjettavtalen at det skal byggjast 1000 nye studentbustader neste år, over dobbelt så mange som det blei gjort framlegg om i opplegget til regjeringa. Arbeidarpartiets og regjeringspartias framlegg til kyrkje-, utdannings- og forskingsbudsjett kjem opp til endeleg votering i Stortinget onsdag 15. desember.

Tommelen ned for Psykologisk fakultet

Berre SV-dekan Marit Melhuus talte varmt for framlegget om å etablera eit psykologisk fakultet då saka var oppe i Kollegirådet 19. november. Ho meinte det ville vera naturleg sidan psykologifaget hadde distansert seg meir og meir frå samfunnsvitskapen dei siste åra. Men korkje dekan Stein A. Evensen ved Det medisinske fakultetet eller dekan Lise Vislie ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet kunne støtta framlegget. Derimot var det mange som kunne tenkja seg å støtta framlegget frå professor Nils Roll-Hansen om å gå gjennom heile fakultetsstrukturen ved UiO på nytt. I kollegiemøtet denne veka blei spørsmålet om å etablera eit psykologisk fakultet diskutert bak lukka dører. Men Uniforums kjelder fortel at det heller ikkje der var stemning for å omgjera Psykologisk institutt til eit fakultet.

Kosovohøring i Kunnskapskanalen

Lørdag 4. desember kl 16.30 viser NRK 2 opptak av Kosovo-høringen fra Institutt for statsvitenskap i vår. Fagfolk, studenter, journalister og interesserte møtte fram for å høre innledninger av ledende forskere på feltet og diskutere. Blant hovedspørsmålene var: har det internasjonale samfunn en legitim rett til å gripe inn militært i et land for å fremme allmenne humanitære mål? Hva betyr folkeretten? Har demokratiske land en rett til å gripe inn overfor stater som bryter grunnleggende menneskerettigheter? I lys av den pågående krigen ble det også diskutert hvorledes ulike forhandlingsspill kan påvirke hendelsesforløpet i utviklingen fram mot internasjonale konflikter. I panelet satt Øyvind Østerud, Anne Julie Semb, Arild Underdal, Nils Butenschøn, Nils Christie og Svein Mønnesland. Høringen ble ledet av Bernt Hagtvet.

Høyringsfrist om ytringsfridom

Utgreiinga til Ytringsfridomskommisjonen NOU 1999:27 ”Ytringsfrihed bør finde sted”, er no sendt ut på høyring. Høyringsfristen er sett til 12. april 2000. Kommisjonen, som blei leia av historieprofessor Francis Sejersted, har gått gjennom stillinga til ytringsfridomen i Noreg. Justisminister Odd Einar Dørum fortel i ei pressemelding at regjeringa tar sikte på å presentera grunnlovsframlegget og høyringsfråsegnene for Stortinget i ei eiga stortingsmelding som han håpar kan bli handsama etter stortingsvalet i 2001.

Innbrot ved HF

Det siste året har det vore mellom 60 og 70 innbrot i HF-bygningane. Denne månaden blei to nye PC-ar stolne frå Institutt for britiske og amerikanske studiar. Instituttleiinga krev no at berre dei som har nøkkelkort får koma inn i instituttet sine lokale i 7. 8. og 9. etasje i Niels Treschows hus utover normal kontortid. Leiinga ved instituttet ber også om at sentraladministrasjonen ved UiO må betala ekstrakostnadane ved eit slikt tiltak.

Jens Jahren leiar Forskarforbundet

Førsteamanuensis Jens Jahren ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet blei nyleg valt til leiar for Forskarforbundet ved UiO. Astri Ottesen vil halda fram som hovudtillitsvalt. I styret sit også førsteamanuensis Andreas Føllesdal, førstekonsulent Trond V. Bekken, førstekonsulent Kristian Mollestad og stipendiat Jarle Trondal.

Sokrates II og Leonardo da Vinci II

KUF går inn for å innleiia kontraktsforhandlingar med Universitetsrådet/Senter for internasjonalt universitetssamarbeid i Bergen når det gjeld administrasjonen av utdanningsprogrammet Sokrates II, og Teknologisk institutt/Leonardo da Vinci når det gjeld administrasjonen av utdanningsprogrammet Leonardo da Vinci. Sokrates II og Leonardo da Vinci II avløyser dei tilsvarande programma som gjeld i dag, og vil bli sett i verk frå 1. januar 2000. Programma vil gå over sju år og omfattar utveksling og utplassering av elevar, lærlingar, studentar, undervisningspersonale og instruktørar. Til saman kom ni ulike instansar med tilbod om å ta ansvaret for den nasjonale administrasjonen av dei to programma.

Tiltredelsesforelesning gjeninnføres

Det samfunnsvitenskapelige fakultet har besluttet å innføre tiltredelsesforelesninger for alle nytilsatte professorer. Dette gjøres for at studenter og ansatte skal få en liten presentasjon av hvilke forskningsområder vedkommende har spesialisert seg innenfor. Førstemann ut er professor i sosiologi, Gunn Elisabeth Birkelund, som fredag 26. november kl. 14.15 i Aud. 2, Eilert Sundts hus, Blindern holder følgende åpne forelesning: "Modernitetens flertydighet - økende individualisme eller stabil strukturell ulikhet?"

UNESCO-nei til Lucy Smith

Tidlegare rektor ved Universitetet i Oslo, Lucy Smith, blei ikkje valt inn i styret for UNESCO under kongressen i Paris for to veker sidan. Tidlegare kulturminister Anne Enger Lahnstein tok den norske jusprofessoren sitt kandidatur opp med den britiske kollegaen sin, Chris Smith i sommar, og også kulturminister Åslaug Haga arbeidde for å få Lucy Smith innvald i styret, då ho var på opninga av UNESCO-kongressen i slutten av oktober.


Forrige Innhold NesteUniforum nr. 18 1999

Publisert 25. nov. 1999 14:07 - Sist endra 1. sep. 2014 13:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere