Debatt: Gledeleg med nynorsk i Uniforum
Debatt
Gledeleg med nynorsk i Uniforum
Det burde vere sjølvsagt at dei offisielle publikasjonane frå og for ein nasjonal institusjon som Universitetet i Oslo har stoff i begge målformer. At det er blitt meir nynorsk, og god nynorsk i Uniforum, er difor gledeleg. Det er eit tilskot til det kulturelle mangfaldet som bør prege og vere fanesak for ein akademisk institusjon.
Eg ser at det er blitt debatt om bruken av målform i intervju. Somme har reagert på at personar som til vanleg nyttar bokmål, blir sitert på nynorsk i intervju (t.d. Egil Gjone i Uniforum nr. 16). Dette synest eg er ein interessant reaksjon. Eg er sjølv nynorskbrukar i skrift og tale, men eg har aldri komme på den tanken at eg skulle forlange at journalisten som intervjuar meg, skulle sitere meg på nynorsk når ho/han til vanleg skriv på bokmål. Eg har funne meg i å stå sitert på bokmål.
Kanskje skulle eg nekte å uttale meg når t.d. bokmålsorgan som Aftenposten eller Dagsavisen ringjer meg, dersom dei ikkje vil eller kan skrive nynorsk? Eg kunne jo vone på at ein slik strategi ville presse fram meir nynorsk i hovudstadspressa. Men det kunne også føre til færre telefonar frå media. Også det ein interessant verknad med tanke på arbeidsro. Skal eg våge eksperimentet?
Harald Baldersheim, professor
Institutt for statsvitskap
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere