Eit universitet er eit museum verdt

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 17 1999


Portrett av russiske storhertugar, materiell brukt under innviingsseremoniar og vitskaplege instrument som blei brukte i undervisninga ved hundreårsskiftet. Det er blant tinga du kan sjå om du tar turen til Helsinki universitetsmuseum.

 fra museet

JUBILEUMSGÅVER: Museumsstyrar Kati Heinamies viser fram gåvene Helsinki universitet fekk til 350 årsjubileet.

Av Martin Toft (tekst) og Ståle Skogstad (foto)

Langt under jorda i tredje kjellaretasje i Administrasjonsbygningen til Helsinki universitet ligg museet som viser historia til dette universitetet. For å koma ned dit må du gjera ein avtale med museumsstyrar Kati Heinamies, som vil ta deg med i heisen tre etasjar under bakkenivå. Der vil ho låsa opp heisdøra og opna dørene til universitetets fortid for deg.

Du vil koma inn i eit mørkt rom som berre blir delvis openberra når Kati Heinamies tenner på lyset. Det første du vil få auge på er fem digre portrett av dei fem russiske tsarane Aleksander I, Nikolaj I Aleksander II, Aleksander III og Nicolaj II. Alle desse var storhertugar av Finland og kanslarar ved Det Keisarlege Aleksanders-Universitetet før dei sjølve overtok den russiske trona. Og før universitetet kom til Helsinki frå Turku (Åbo) etter at det brant ned i 1827, blei det kalla Det Keisarlege Akademi.

Det var tsar Aleksander I som gav ordre om at universitetet skulle flyttast til hovudstaden i Storhertugdømet Finland, nemleg Helsinki. Originaldokumentet med tsarens ordre om å flytta universitetet til Helsinki, kan du sjå i universitetsmuseet. I 1832 stod den nye hovudbygningen til universitetet ferdig på Senatsplassen midt i Helsinki. Og universitet fekk naturleg nok namnet Det Keisarlege Aleksanders Universitet. Bygningen er eit arkitektonisk meisterverk med greskinspirerte søyler og veggmåleri med motiv frå finsk historie.

I vestibylen finn du Finlands einaste samling av skulpturar frå den italienske renessansen. Ved ei feiltaking blei bygningen bomba av Sovjetunionen etter at Den andre verdskrigen var slutt for Finlands del i 1944. Då hadde dei kunstskattane som hadde blitt flytta ut av bygningen, blitt flytta tilbake igjen. Slik gjekk mange av Finlands nasjonalskattar tapt. Dette er ein del av historia du kan få læra meir om, om du får omvising i universitetsmuseet av Kati Heinamies.

- Universitetsmuseet blei etablert i 1978, men no har interessa vore så stor for museet at me håpar me kan få flytta inn i ein eigen bygning, seier ho før ho viser oss gåvene universitetet fekk til 350-årsjubileet i 1990. Då omvisinga er slutt, slår den tanken oss at eit eige universitetsmuseum kanskje er ein idé som Universitetet i Oslo også kunne importera frå Finland?

Universitetshistorikar positiv

Vel tilbake i Oslo presenterer me ideen for forfattaren av Historien om Universitetet i Oslo, historikaren John Petter Collett.

- Eg meiner det er verdt for Universitetet i Oslo å setja av plass og ressursar til et museum som kan visa fram historia til institusjonen, visa oss kva universitetet har hatt å seia, korleis det har fungert i samfunnet og kva endringar det har gått gjennom, for å gi oss eit betre grunnlag for å forstå situasjonen universitetet er i i dag. Eit museum må vera ei kjelde til kunnskap som kan gi grunnlag for refleksjon. Kva er eit universitet? Kva har det vore, kva kan det og bør det vera? filosoferer Collett, som ikkje vil ha noko tradisjonelt museum.

- Nei, eit slikt museum må femna over alle fagområda ved universitetet, og det må ikkje bli ei "passiv" utstilling eller ”gjenstandssamling”. Det me treng, er ein arena for møte på tvers av fag- og instituttgrenser, slår han fast og viser til at tanken ikkje er ny.

- Det blei i si tid tatt eit initiativ til eit universitetsmuseum som skulle leggjast i Observatoriet. Dette ville vore ein ideell møteplass på tvers av faggrensene, med historia så å seia til stades i veggene. Ein slik bruk av Observatoriet kunne ha gitt grunnlag for en fruktbar dialog mellom naturvitskap og humaniora. I staden er ulykkelegvis spørsmålet om bruken av Observatoriet blitt ein maktkamp mellom litteraturvitskap og naturvitskap som kan ha skapt vondt blod mellom dei langt inn i framtida.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 17 1999

Publisert 11. nov. 1999 12:11 - Sist endra 1. sep. 2014 13:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere