Korleis stiller du deg til tanken om å etablera eit museum for Universitetet i Oslos historie?Arne Lie Christensen, førsteamanuensis i etnologi ved Institutt for kulturstdiar - Eg synest det høyrest interessant ut, men eg er ikkje sikker på at det er riktig å bruka ressursane til noko slikt no. Det er viktigare å ta skikkeleg vare på dei historiske bygningane til universitetet, som til dømes Urbygningen. Dag Gundersen, professor emeritus - Eg har sans for å ta vare på tradisjonar. Dersom det let seg gjera både når det gjeld plass og pengar, ville det ha vore fint med eit slikt museum. Vidar Grøtta, studieleiar ved HF-studentinformasjon - Det synest eg er ein god idé, ikkje minst med tanke på 200-årsjubileet i 2011. Vibeke Hansen, hovudfagsstudent i kunsthistorie - Det ville sikkert vera mest interessant for dei som ikkje har gått på universitetet. Anita Hillestad, mellomfagsstudent i religionshistorie - Det har eg ikkje tenkt på, men det kunne sikkert ha vore bra for studentidentiteten. Då ville studentane også ha noko å gjera i pausane. |
Fem i farta
Publisert 11. nov. 1999 15:20
- Sist endra 1. sep. 2014 13:58
Logg inn for å kommentere