Psykologi kan bli UiOs 9. fakultet

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 17 1999


Psykologisk institutt må bli eit eige fakultet frå 1. januar 2001. Det krev styrar Bjørn Rishovd Rund og viser til at Kollegiet gjekk samrøystes inn for det då saka sist var oppe. Studentparlamentet støttar kravet medan rektor Kaare R. Norum enno ikkje ynskjer å ta stilling til framlegget.

Av Martin Toft

Etter at tidlegare kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Gudmund Hernes sette foten ned for planane om å oppretta eit eige psykologisk fakultet ved Universitetet i Oslo frå 1. januar 1994, blei saka mellombels gravlagt. Men no er planane tatt fram igjen, og både fagutvalet og instituttstyret ved Psykologisk institutt og fakultetsstyret ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet går no inn for at Psykologisk institutt skal bli omgjort til fakultet frå 1. januar 2001. I førre veke gjekk også fleirtalet i Studentparlamentet inn for dette framlegget. Fredag 19. november skal saka opp som diskusjonssak i Kollegierådet. Styrar Bjørn Rishovd Rund ved Psykologisk institutt ser mange fordelar med eit eige fakultet.

Gamalt kollegievedtak

- Eg er fullt klar over at langtidsplanen til UiO seier at det ikkje vil bli aktuelt å oppretta fleire fakultet. Men i dette tilfellet tar me berre opp igjen eit framlegg som Kollegiet stemte for i 1992/93. Den gongen blei Kollegiet og UiO overprøvd av statsråd Gudmund Hernes. Hadde han ikkje gjort det, ville UiO allereie hatt eit eige psykologisk fakultet. Det at vedtaket blei gjort for over seks år sidan, er ikkje noko godt argument for at kollegievedtaket ikkje lenger er gyldig. Difor ber Psykologisk institutt om at rektor og resten av Kollegiet set i verk vedtaket som blei gjort i 1992/93, presiserer Rishovd Rund, som forstår at det er naturleg at saka må opp igjen i Kollegiet før vedtaket formelt sett kan setjast ut i livet.

Nye lokale

- Det hadde sikkert vore mange som hadde oppfatta Norum som diktatorisk om han berre hadde klubba dette vedtaket igjennom utan noka ny kollegiehandsaming. Men det vil likevel ikkje vera naudsynt å greia dette ut på nytt, sidan framlegget blei grundig utgreidd og sendt ut på høyring før den var oppe i Kollegiet for seks år sidan, understrekar han. Eit anna viktig argument som talar for at Psykologisk institutt blir omgjort til fakultet, er flyttinga av Psykologisk institutt frå Eilert Sundts hus til dei gamle lokala til Papirindustriens forskingsinstitutt i Forskningveien 3 frå år 2001.

- Det vil seia at Psykologisk institutt også reint fysisk vil vera skilt frå resten av SV-fakultetet. Dermed vil ikkje argumentet om at det ikkje går an å ha to fakultet i dei same bygningane telja lenger, konstaterer instituttstyraren. Dersom psykologi får medhald for kravet om å få oppretta eit eige fakultet, vil det ikkje bli oppretta mange nye administrative stillingar i høve til det Psykologisk institutt har i dag.

Ingen fleire institutt

- Det vil ikkje bli oppretta institutt med instituttstyrarar ved dette fakultetet. Me ber berre om at me må få nok administrative stillingar til å dekka dei oppgåvene som fakultetssekretariatet tar seg av i dag. Det vil seia saker som studentinformasjon, eksamen, personalspørsmål, arkivering og representasjon i styre og stell ved universitetet. Om me får overført ei stilling frå fakultetssekretariatet, skulle det tilsvara Psykologisk institutts del av det administrative arbeidet det driv med, reknar han ut. Psykologisk institutt utgjer i dag rundt ein tredel av SV-fakultetet. Ei stilling kan difor umogleg vera meir enn vår rettmessige del av administrasjonen ved SV-fakultetet, hevdar Rishovd Rund. Han trur dessutan at UiO vil tena på å oppretta eit eige psykologisk fakultet.

Eksterne forskingsløyvingar

Det vil bli lettare å få tak i eksterne forskingsmidlar når psykologi blir meir synleg enn i dag. Som ein fylgje av regjeringas opptrappingsplan for det psykiske helsevernet, med 940 nye psykologstillingar, vil psykologi kunna bli pålagd å auka utdanningskapasiteten sidan det framleis er 400 ledige psykologistillingar i Noreg. Dermed vil truleg både Sosial- og helsedepartementet og KUF løyva ekstra pengar for å få løyst dette problemet.

- Som eit profesjonsstudium har psykologifaget fjerna seg meir og meir frå samfunnsvitskapane og kome nærare nevrofaga. Konkret viser det seg ved at Noregs forskingsråd løyver pengar frå Område medisin og helse til forskingsprogramma ved psykologi. Og vurderingane av forskingsprosjekta skjer ved dei regionale forskingsetiske komiteane for medisin. Psykologi har også fått sin eigen doktorgrad (dr.psychol.) med eige forskarutdanningsprogram knytt til dette, forklarar han. Han viser til at kostnadane for UiO vil bli dei same anten psykologi held fram som institutt eller blir omgjort til fakultet.

Det er her berre snakk om å flytta eit administrativ ledd til eit anna nivå i organisasjonen.

Norum vil ikkje ta standpunkt

Rektor Kaare R. Norum vil ikkje ta stilling til om han vil støtta framlegget om å oppretta eit psykologisk fakultet.

- Saka skal opp i Kollegierådet og seinare i Kollegiet, og viss eg tar eit standpunkt i denne saka, vil eg leggja føringar for den vidare sakshandsaminga og det ynskjer eg ikkje, understrekar han. Samtidig viser han til at han tidlegare har støtta dette framlegget.

- Ja, då eg var dekan ved Det medisinske fakultetet på byrjinga av 1990-talet, var eg med i ein komité som konkluderte med at psykologi burde bli eit eige fakultet.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 17 1999

Publisert 10. nov. 1999 13:10 - Sist endra 1. sep. 2014 13:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere