Slepp oss fram!

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 16 1999


Kvinnelege forskarar ved UiO:

 økland og syvertsen

GI OSS PLASS: Stipendiat Jorunn Økland ved Det teologiske fakultetet og professor i medievitskap Trine Syvertsen ber universitetet om å gi kvinner betre plass i forskinga. (Foto: Ståle Skogstad)

- Kvinnelege forskarar må forlanga at universitetet gir dei eit professorat.
Denne oppmodinga kom frå jusprofessor Kirsten Ketschner under seminaret om kvinne og forskar tidlegare i haust.

Av Martin Toft

Seminaret blei skipa til av likestillingsrådgjevar Lise Christensen ved UiO og Studentparlamentet. Dei hadde invitert professor Trine Syvertsen ved Institutt for medievitskap, stipendiat Anne Julie Semb, Institutt for statsvitskap, stipendiat Jorunn Økland ved Det teologiske fakultetet og professor II ved Institutt for kvinnerett, Kirsten Ketschner til å fortelja om sine røynsler som kvinne og forskar.

Aldri slengord!

Anne Julie Semb er ei av dei som har satsa på ein karriere innan eit fag som mange har sett på som eit av dei mannlege forskarane sitt tradisjonelle einemerke.

- Sjølv om eg arbeider i eit svært mannsdominert miljø har eg aldri opplevd slengord om at kvinner trengjer seg inn på mennene sitt område. Eg har svært hyggelege kollegaer, men det fagleg-sosiale forholdet kunne ha vore betre ved instituttet, meiner ho. Dessutan viser statistikken at det framleis finn skilnader mellom mann og kvinne der.

Ei undersøking frå 1994 om omsorgsansvaret for kvinnelege og mannlege stipendiatar viser at det er 60 % skilnad i publiseringsnivå mellom mann og kvinne for dei stipendiatane som har barn under seks år. Grunnen er at kvinnene ofte får lita hjelp til å jobba i uformelle nettverk, trur ho. Den økonomiske situasjonen ved instituttet gjer at framtida ikkje ser like lys ut for dei som satsar på ein forskarkarriere der.

- Konsekvensen av dette er at det førebels ikkje blir lyst ut fleire forskarstillingar, konstaterer ho.

Viktig med nettverk

Også ved motefaget og vekstfaget informatikk er kvinnelege forskarar mangelvare. Førsteamanuensis Kristin Braa er ei av dei.

- Eg synest det er fint å vera kvinne i eit mannsdominert miljø. Samtidig har eg som småbarnsmor også heile tida lært meg til å jobba systematisk. Difor blei eg ikkje skræmt bort av tanken på at eg skulle bli stipendiat og satsa på ein forskarkarriere. Det viktigaste er å byggja opp eit fagleg og sosialt nettverk og i tillegg vera seg sjølv, ha det gøy og ta alle oppgåver like alvorleg, påpeikar Braa.

Professor, ikkje mellomfagsstudent

Professor i medievitskap, Trine Syvertsen, synest det var ein stor fordel å satsa på ein forskarkarriere i eit nytt fag.

- Då vil det ikkje vera så mange som står før deg i køen når det blir lyst ut ein ledig vitskapleg stilling. Difor blei eg utnemnt til professor sjølv om eg var relativt ung, fortel Syvertsen. Det har også ført til misforståingar.

- Ja, det har hendt eg har stått utanfor forelesingssalen og snakka om laust og fast med studentane, før ein av dei brått har spurt meg om eg er mellomfagsstudent. Då gjer det veldig godt å fortelja denne studenten at eg nok ikkje er student, men professor, ler Syvertsen. Forskingsinteressene til kvinner og menn er ofte heilt forskjellige, meiner ho.

- Ja, det er det ikkje nokon tvil om. Forskingsområda til mennene er svært ofte dominerande. Det fører til at dei forskingsområda som kvinnene interesserer seg for svært sjeldan er seminartema, slår ho fast. Syvertsen legg til at det ikkje alltid er faglege grunnar til at kvinnelege studentar ser opp til henne.

- Ja, ein kvinneleg student fortalde meg at ho hadde blitt veldig imponert over meg den gongen eg hadde tørka opp kaffisølet med kneet på olabuksa mi, smiler ho.

Veggprydsyndromet

Stipendiat Jorunn Økland ved Det teologiske fakultetet er ikkje samd med Syvertsen i at det er naudsynt å velja eit nytt fag for at ei kvinne skal koma seg fram som forskar.

- Eg representerer jo eit av dei eldste faga ved UiO, og eg synest det har vore ein stor fordel å vera kvinneleg stipendiat i teologi. Det viktigaste argumentet mannlege forskarar bruker mot kvinnene, er at dei manglar initiativ. Difor er mitt råd til kvinner som satsar på ein forskarkarriere, at dei må renna ned dørene hos dei mannlege professorane. Lat heller ikkje barna vera til hinder for forskarkarrieren. Be mannen din om å ta seg meir av barna enn deg når du er i gang med innspurten på doktoravhandlinga, oppfordrar Jorunn Økland. Jusprofessor Kirsen Ketschner er einig med henne i dette.

- Kvinnelege forskarar må ikkje lata seg bli kua av veggprydsyndromet og sitja og venta til nokon byr dei eit professorat. Nei, kvinnene må forlanga at universitetet skaffar dei eit.

Stadig flere kvinnedoktorer


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 16 1999

Publisert 28. okt. 1999 12:10 - Sist endra 1. sep. 2014 13:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere