Urbygningen skal reddast

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 16 1999


KUF-komiteen:

- Me må få til ei pengeløyving til prosjektering av restaureringa av Urbygningen. Det sa leiar for Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskingskomité Grete Knudsen, etter at ho hadde vore på omvising i Urbygningen.

 komiteen i urbygningen

SJOKKERTE: Medlemane i KUF-komiteen blei sjokkerte over kor langt forfallet var kome i Gamle festsal og i resten av Urbygningen.

Av Martin Toft (tekst og foto)

Både ho og dei andre medlemane av KUF-komiteen blei sjokkerte over det dei fekk sjå på rundturen frå kjellar til Gamle festsal og vidare opp til dei eldste forelesingssalane i Urbygningen.

- Både Stortinget og Regjeringa bør skamma seg over at denne viktige kulturhistoriske bygningen har kunna forfalla så mykje utan at noko blir gjort. Eg ser at Regjeringa i framlegget til statsbudsjett talar i positive vendingar om kor viktig det er å restaurera denne bygningen. Likevel fann dei ikkje pengar til dette. Difor trur er at det vil vera realistisk å få stortingsfleirtalet med på ei pengeløyving til prosjektering av det framtidige restaureringsarbeidet, sa Knudsen til Uniforum. Ho viste til at det ville føra til at den første løyvinga til restaurering av Urbygningen då vil koma med på neste års framlegg til statsbudsjett.

Ein talrik delegasjon frå Universitetet i Oslo med rektor Kaare R. Norum, prorektor Rolv Mikkel Blakar og universitetsdirektør Tor Saglie i brodden tok først stortingskomiteen med til Domus Bibliotheca (Vestbygningen) og viste fram restaureringsarbeidet som var gjort der.

Jordgolv

Etterpå tok dei dei med ned i kjellaren i Urbygningen der stortingsrepresentantane fekk sett med eigne auger at enkelte delar av kjellaren framleis har jordgolv.

- På Vestlandet der eg kjem ifrå, er det berre potetkjellarane som skal ha jordgolv. Det høyrer ingen plass heime at det er jordgolv i Urbygningen, utbraut komitéleiar Grete Knudsen etter at ho var kome ut av kjellaren. Også Framstegspartiets stortingsrepresentant Ulf Erik Knudsen var rysta over det han hadde sett.

- Framstegspartiet er ikkje akkurat det partiet som står mest på barrikadane når det gjeld å løyva pengar til kultur. Men det er vel liten tvil om at det er naudsynt å løyva ein del pengar for å få restaurert denne bygningen. Eg held akkurat på å restaurera eit gamalt hus sjølv, så difor er det lett å vera samd i at også Urbygningen treng restaurering. Knudsen lurer likevel på korleis Urbygningen har kunna forfalla så sterkt i så mange år utan at Universitetet i Oslo har gjort noko.

- Eg stiller spørsmål ved universitetet sine eigne disponeringar på vedlikehaldsbudsjettet når det har lete forfallet koma så langt utan at det har blitt løyvd pengar til naudsynt restaurering av Urbygningen, påpeika Knudsen etter omvisinga. Universitetsdirektør Tor Saglie føler seg ikkje treft av denne kritikken.

- Vedlikehaldsbudsjettet til UiO er ikkje stort nok til at det åleine ville ha klart å finansiera restaureringa av Urbygningen, uttalte han til Uniforum.

Byggjestart i 2001

Men Saglie er svært nøgd med tilbakemeldinga frå medlemane i KUF-komiteen etter besøket i Urbygningen.

- No ser det ut som om stortingsfleirtalet vil koma til å gå inn for ei oppstartingsløyving til Urbygningen i statsbudsjettet for neste år. Det vil seia at det vil koma ei løyving til restaurering av Urbygningen på framlegget til statsbudsjett for år 2001. Dermed vil det vera mogleg å koma i gang med restaureringsarbeidet i løpet av det budsjettåret, slo Saglie fast. Restaureringa av Urbygningen og Aulaen (Midtbygningen) vil til saman koma på rundt 100 millionar kroner, ifylgje rektor Kaare R. Norum.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 16 1999

Publisert 28. okt. 1999 12:10 - Sist endra 1. sep. 2014 13:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere