Bibliotektilsette må bruka hovudlykt

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 15 1999


Dårlege lysforhold på nye UB:

 ub-tilsett

DÅRLEG SIKT: Dårleg overlys gjer arbeidsforholda svært vanskelege for bibliotekarane i det nye UB. - Eg må bruka hovudlykt for å kunna lesa titlane på bøkene, fortel universitetsbibliotekar Inger Marie Ruud.

Av Martin Toft

Det er ikkje lett å finna fram i dei mørke bokhyllene som er reserverte for filosofi og religionshistorie i det nye Universitetsbiblioteket i Georg Sverdrups hus på Blindern. Taklyset lyser ikkje opp hyllene godt nok til at bibliotekarane klarer å lesa boktitlane. Inger Marie Ruud er fagreferent for filosofi og religionshistorie, og tok opp dei vanskelege lysforholda då ho begynte å arbeida i det nye biblioteket for eit halvt år sidan.

Ingenting skjedd

Diverre har ingenting skjedd sidan då, sjølv om eg veit at leiinga ved Universitetsbiblioteket har tatt opp saka med universitetsleiinga. Eg trur likevel det er Statsbygg som må ta ansvaret for at det ikkje er samsvar mellom lyssetjinga til arkitekten og plasseringa av bokhyllene, meiner ho. Etter at ho hadde gått lei av å leita etter dei rette boktitlane i dårlege lysforhold, fann ho ut at ho måtte gjera noko drastisk.

Eg gjekk til innkjøp av hovudlykt for eiga rekning. No har eg ingen problem med å lesa boktitlane. Likevel får det meg til å tenkja tilbake på forholda i det gamle Universitetsbiblioteket på Drammensveien der det var så dårlege lysforhold at det var plassert ei lommelykt på kvar ende av bokhyllene, fortel ho. Dei dårlege lysforholda er ikkje berre eit problem for bibliotekarane.

Nei, brukarane ser heller ikkje boktitlane godt nok. Difor blir bøkene plasserte på feil plass, og fylgjen blir at me må prøva å setja dei på rett plass igjen, seier Ruud, som ikkje veit kven som har ansvaret for dei dårlege lysforholda.

EØS-reglane gjer at Statsbygg er forplikta til alltid å bruka det billegaste tilbodet, slår ho fast. Ho håpar at nokon no vil gjera noko for å få rydda opp i denne saka.

Eg tar ikkje denne saka opp berre for oss bibliotektilsette si skuld. Formålet mitt er at me skal ha best moglege forhold for brukarane våre, altså professorar, forskarar og doktorgrads- og hovudfagsstudentar. Me står på deira side og vil gjera alt for å skaffa dei det beste tilbodet dei kan få, understrekar ho.

Statsbygg lovar betring

Seksjonssjef Oddvar Dahl i Statsbygg kjenner til dei dårlege lysforholda ved det nye Universitetsbiblioteket, og kan lova betring.

- Det skal setjast opp eit lysarmatur som gir den lysstyrken som var planlagt i dei opprinnelege planane til biblioteket.

Når kan det vera på plass?

- Det blir jobba kontinuerleg med det, men eg kan ikkje seia noko anna at det skal skje så fort som mogleg, seier Dahl.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 15 1999

Publisert 14. okt. 1999 11:18 - Sist endra 1. sep. 2014 13:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere