LØP utsett til 1. mai 2001

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 15 1999


Innføringa av det nye løns- og personalsystemet (PR 2000) ved UiO er utsett til 1. mai 2001. Den opprinnelege startdatoen var 1. januar 1999.

Av Martin Toft

IBM og dei tre største universiteta i Noreg har nyleg reforhandla ein avtale om levering av løns- og personalsystemet LØP (PR 2000). Avtalen som er verdt 10,5 millionar kroner, gir universiteta mindre årlege vedlikehaldsutgifter enn den førre avtalen, som universiteta sa opp tidlegare i år. Det nye løn- og personalsystemet PR 2000 er ein del av LØP-prosjektet (Løn, Økonomi og Personal) ved dei tre universiteta.

Tidlegare har dei tre universiteta innført eit nytt økonomisystem (Oracle Financials). Etter svært store startvanskar det første året, er dette systemet begynt å funksjonera ved dei tre universiteta. Medan det tidlegare var meininga at Universitetet i Oslo skulle innføra det nye løns- og personalsystemet først, har denne timeplanen no blitt endra. Det fører til at NTNU vil vera først ute, og innføra systemet frå 1. januar år 2000. Deretter vil Universitetet i Bergen gjera det same 1. januar år 2001 før Universitetet i Oslo kan ta det nye systemet i bruk frå 1. mai 2001.

Vil få løn

Assisterande personaldirektør Jan Thorsen har vore nasjonal prosjektleiar for innføringa av det nye løns- og personalsystemet ved dei tre universiteta. Han forklarar gjerne kvifor NTNU vil innføra systemet først, medan det opprinneleg var meininga at UiO skulle vera først ute.

Det har med forskjellige behov å gjera. NTNU har behov for systemet alt frå år 2000. Universitetet i Bergen må opp frå neste år fordi det lønssystemet dei brukar i dag gir mangelfulle rekneskapsdata, seier Thorsen. Han lovar derimot at det skal vera ferdig utvikla innan november 2000. Dessutan kan han lova at dei tilsette ved UiO skal få løn trass i at det gamle lønsystemet skal fungera over eitt år lenger enn planlagt.

Folk frå USIT er i ferd med å utføra år 2000-sikring av dagens løn-og personalsystem . Sidan dei også gjerne vil ha løn 15. januar neste år, har eg stor tru på at det vil koma på plass, smiler Thorsen.

Slutt på meirarbeidet

Tidlegare i år fekk også UiO eit problem som dei ikkje hadde rekna med.

Hovuddatamaskina (stormaskina) til det eksisterande løns- og personalsystemet, ei maskin av merket CYBER, var så gamal, at leverandøren sa opp vedlikehaldsavtalen med universitetet med verknad frå 1. januar 2000. Difor har det oppgraderte løn- og personalsystemet blitt lagt over på ei HP-UNIX-maskin, fortel Thorsen.

Det nye økonomisystemet og det oppgraderte løn- og personalsystemet vil fungera godt saman utan dei vanskane dei rekneskapsansvarlege ved UiO har hatt tidlegare ved at dei har måtta bruka både gamal og ny kontrostruktur. Dette meirarbeidet slepp dei i frå nyttår, legg han til.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 15 1999

Publisert 13. okt. 1999 18:30 - Sist endra 1. sep. 2014 13:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere