Kan gi kutt ved UiO

Innhold Neste Uniforum nr. 15 1999


Statsbudsjettet:

Universitetet i Oslo får eit reelt kutt på 56,4 millionar kroner i framlegget til statsbudsjett for år 2000. Universitetetsdirektøren varslar no nedskjeringar ved UiO.

Av Martin Toft

I framlegget til statsbudsjett får UiO eit rammetilskott på 2,625 milliardar kroner, medan rammetilskottet i fjor var på 2,603 milliardar kroner. Dette gir ein auke på 0,8 prosent i reine tal. Men dersom ein ser på framlegget til driftsbudsjett på 1.909 milliardar kroner, viser det ein aktititetsreduksjon på 21,2 millionar kroner som i hovudsak er knytt til kuttet på 837 studieplassar, vidareføring av studieplasskuttet i 1999 og redusert vekttalsproduksjon. Og i høve til ein gjennomsnittleg løns- og prisvekst på 3 % viser framlegget eit budsjettkutt i tillegg på 35,2 millionar kroner. Det vil seia at Universitetet i Oslo har fått eit kutt på til saman 56,4 millionar kroner.

Då er det dessutan rekna med ein vekst i aktiviteten på 16 millionar kroner, som er ein fylgje av opprettinga av 30 nye studieplassar i medisin ved Sentralsjukehuset i Akershus. Difor konkluderer universitetsdirektøren med at framlegget til driftsløyving er 40 millionar kroner lågare enn ein rein vidareføring av dagens aktivitetsnivå.

I eit notat til Kollegiet legg ikkje universitetsdirektør Tor Saglie skjul på at dette kan føra til nedskjeringar ved universitetet. Sidan Kollegiet tidlegare har gått inn for ei sterk satsing på kvalitet innan forsking, må dette finansierast ”ved at Kollegiet finner inndekning gjennom kutt i eksisterende aktiviteter,” skriv universitetsdirektøren.

Budsjettdialog

Difor har han no sett i gang ein budsjettdialog med fakultet og einingar med siktemål å henta inn opplysningar om prioriteringar innanfor dei kjente rammene, ”herunder også kuttproblematikk”. Dessutan vil det bli henta inn opplysningar om planar for eksternt finansiert verksemd og andre inntekter i år 2000. Av statsbudsjettet går det også fram at det likevel ikkje blir innført nettobudsjettering for universiteta. Ein av grunnane til det kan vera det faktum at verken UiO eller Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) fekk rekneskapen for 1998 godkjent av Riksrevisjonen. Mykje av årsaka til dette ligg i vanskane under innføringa av nytt økonomisystem.

Ingenting til Urbygningen

Når det gjeld pengar til omstilling ved universiteta, foreslår regjeringa 20 millionar kroner for heile universitets- og høgskulesektoren, medan universiteta åleine tidlegare har bede om ein omstillingspakke på 600 millionar kroner over fem år. I statsbudsjettet er det heller ikkje funne plass til pengar for restaurering av Urbygningen og Midtbygningen i Oslo sentrum. Under pressekonferansen i samband med presentasjonen av statsbudsjettet sa kyrkje- og utdanningsminister Jon Lilletun seg lei for dette.

Du må nok diverre leita forgjeves etter pengar til desse bygningane på dette framlegget til statsbudsjett. Men så lenge byggjeaktiviteten i privat sektor er så stor, kan ikkje staten setja i gang store offentlege byggjeprosjekt, forklarte Lilletun. Han synest heller ikkje Universitetet i Oslo trengjer å klaga på budsjettframlegget:

Trass i at universitetet har færre studentar og i tillegg får 837 færre studieplassar på allmennfakulteta, går ikkje dette utover løyvinga til forsking, slo han fast. Dessutan trekte han fram at det blir løyvd 45 millionar kroner til eit Senter for framifrå forsking på Fornebu og 15 millionar kroner til Bedriftsuniversitetet som UiO skal driva saman med NTNU på Fornebu. Til saman blir fondet for nyskaping og forsking auka med 1 milliard til 4 milliardar kroner.

Forskingsfondet må tidoblast

Men rektor Kaare R. Norum er likevel ikkje nøgd med dette budsjettet.

Sett i lys av trontalen og Forskingsmeldinga er dette eit skuffande budsjett for Universitetet i Oslo. Statsbudsjettet har ikkje klart å synleggjera alt det positive som er sagt om å investera i forsking og høgare utdanning, synest Norum, som krev at fondet for forsking og nyskaping blir mins tidobla i høve til i dag. Under utdelinga av Jahreprisane sist helg samanlikna han forskingsfondet med oljefondet.

Forskingsfondet er berre på ein prosent av oljefondet der pengane er plasserte i internasjonale aksjar, slik at internasjonal industri kan få meir kapital til å konkurrera med Noreg, konkluderte han. Også ved dei andre universiteta i Noreg er det misnøye over framlegget til statsbudsjett. Difor har dei fire universitetsrektorane i ei felles pressemelding krevd at regjeringa styrker framlegget til universitetsbudsjett med 200 millionar kroner.


Innhold Neste Uniforum nr. 15 1999

Publisert 13. okt. 1999 18:20 - Sist endra 1. sep. 2014 13:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere