Målform i intervju
Debatt
Vyrde redaktør Martin Toft,
Dersom du hadde høve til å intervjua André Bjerke, ville du ha gjeve svara hans att på nynorsk? I offentleg forvalting er det vanleg skikk ein god skikk! å svara på same målføre som vert nytta i innkomne brev. Mange med meg meiner det er respektlaust å presentere riksmålsfolk som Anton Hauge i nynorskdrakt. Han vann formidlingsprisen mellom anna av di han skriv eit elegant og sobert riksmål. Rektor Kaare Norum verkar også kunstig i nynorsk-ham. Kan vi venta oss betre folkeskikk i framtida.
Helsing
Haakon B. Benestad, professor i medisin
Journalisten bestemmer målformen
Publisert 30. sep. 1999 17:07
- Sist endra 1. sep. 2014 13:56
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere