- Dei beste forskarane får mest

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 14 1999


Jahreprisvinnar Irma Thesleff:

 Thesleff

- Den nye finske forskingspolitikken gjer at dei beste forskargruppene får mest pengar.

Det seier Jahreprisvinnar Irma Thesleff. Ho er professor ved Det odontolgiske fakultetet, men for tida leiar ho programmet for utviklingsbiologi ved Universitetet i Helsinki.

Irma Thesleff tar imot oss på Biosenteret ved den nye moderne campusen i Viiki i utkanten av Helsinki.. Anders Jahres store medisinske pris på 600 000 kroner får ho fordi ho har oppdaga ”emaljeknuten” som eit senter som organiserer utviklinga og veksten til tanna. Då me treff henne, har ho akkurat levert inn patentsøknaden på framstillinga si av spesielle stamceller som skal gjera det mogleg å produsera kunstige menneskelege organ i framtida. Irma Thesleff kan ikkje få rost den nye finske forskingspolitikken nok.

- Det er mykje lettare for oss som driv med forsking å skaffa pengar no enn tidlegare. Mesteparten av pengane kjem frå Finlands Akademi, men mi forskargruppe får også pengar frå the National Institute of Health i USA, fortel Thesleff. Av dei 18 forskarane som er med i forskargruppa hennar, blir berre tre løna av universitetet, medan løna til dei andre 15 blir skaffa frå private og offentlege forskingsfond.

Støttar professorat på åremål

Ho har ingenting imot at det no blir oppretta 40 mellombelse professorat på fem års åremål ved universitetet.

- I Europa har universiteta eit stort problem med personane som gjer alt dei kan for å ta doktorgraden og skaffa seg eit professorat før dei fyller 30 år. Dei neste 35 åra gjer dei ingenting. Slik går det ikkje an å halda fram. Det vil ingen universitet verken i Finland eller Noreg ha råd til, slår ho fast. Sjølv har ho fått jobbtilbod frå Harvard University i USA, men takka nei.

- Årsaka var at eg ikkje ville fått det noko betre reint fagleg enn her i Finland. Det ville dessutan ha vore langt vanskelegare å få tak i forskingsmidlar i USA. Og då eg også ynskte å ta omsyn til familien, var det lett å seia nei, fortel ho. Irma Thesleff avslører gjerne kva ho skal bruka Jahreprisen på 600 000 kroner til.

- For 10 år sidan fekk eg ein pris på 40 000 finske mark. Då brukte eg 30 000 av dei til å kjøpa medlemskap i den lokale tennisklubben. Eg lovar at eg ikkje skal bruka desse pengane til å kjøpa medlemskap i ein golfklubb. Først vil eg bruka pengane til å halda ein fest for heile forskargruppa mi her på Biosenteret. Dersom dattera mi held oppvisning i Rytmisk sportsgymnastikk saman med truppen sin på denne festen, skal eg dessutan bruka pengane til å sponsa turen deira til Verdsmeisterskapen i rytmisk sportsgymnastikk i Japan, smiler ho.

Universitetet i Helsinki: Gamalt universitet må tenkja nytt


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 14 1999

Publisert 30. sep. 1999 17:07 - Sist endra 1. sep. 2014 13:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere