Universitetet i Helsinki:
Forskinga er vinnaren og undervisninga taparen i den store forskings- og utdanningsrevolusjonen i Finland. Det meiner rektor Kari Raivio ved Universitetet i Helsinki.
Av Martin Toft (tekst) og Ståle Skogstad (foto)
![]() HOVUDBYGNINGEN: Eit dekret frå den russiske tsaren om å flytta Finlands hovuduniversitet frå Turku til Helsinki, var årsaka til at den tyske arkitekten Carl Ludvig Engel kunne teikna det nye universitetet som stod ferdig på Senatsplassen i 1832. |
Den eldste delen av Universitetet i Helsinki ligg midt i Helsinki sentrum. Der har universitetet lege sidan den russiske tsaren vedtok å flytta det frå Turku (Åbo) i 1827. Då hadde det eksistert i 187 år. I dag har universitetet 34 000 studentar, 3000 professorar, forskarar og lærarar og eit budsjett på rundt 3 milliardar kroner.
Barberte universitetsbudsjett
Men då den økonomiske krisa sette inn for fullt i Finland i studieåret 1991-92, såg ikkje universitetsbudjettet like bra ut som i dag, fortel rektor Kari Raivio, som me treff på kontoret hans i Universitetsgata i Helsinki.
Då blei alle universitetsbudsjetta i Finland barberte med 16 prosent. Samstundes blei me oppmoda til å skaffa meir ekstern finansiering av forskinga. Sidan 1994 har staten auka budsjettet til Universitetet i Helsinki, men samstundes er mange postar øyremerkte til spesielle forskingsfelt. I dag er 50 prosent av forskinga finansiert av eksterne midlar frå Finlands Akademi (Forskingsrådet), EU og private selskap, seier Raivio. Den finske regjeringa har lova at staten skal finanisera 40 prosent av all forsking og utvikling i Finland medan dei resterande 60 prosenta skal finansierast av private selskap. Raivio meiner at staten ikkje har oppfylt sin del av avtalen, sjølv om 3 prosent av det finske bruttonasjonalproduktet i dag går til forsking og utvikling.
Nei, i dag finansierer dei private selskapa og fonda 70 prosent av den samla forskinga medan staten sin del er på 30 prosent. Konsekvensen er at oppdragsforskinga får meir enn nok pengar, medan grunnforskinga blir skadelidande. Det er nemleg ingen private selskap som ynskjer å finansiera denne forskinga. Difor må universiteta bruka pengane frå staten til det, understrekar han.
![]() INFOSENTER: Dette er det nye infosenteret ved campusen i Viiki. Bygningen inneheld blant anna eit naturvitkskapleg bibliotek. |
Ingen sponsar undervisninga
Det er heller ingen private selskap som ynskjer å sponsa undervisninga.
- Det er grunnen til at me må bruka ein stor del av det ordinære universitetsbudsjettet til å finansiera undervisninga, vedlikehalda datasystema og betala leige for bygningane til det sjølvfinansierande statlege eigedomsselskapet (Statsbygg).
Dessutan må me bruka ein god del av budsjettet til å finansiera forskinga ved dei fakulteta som ikkje så lett får finansiert forskinga si av private selskap, legg han til. Difor strekk ikkje universitetsbudsjettet til. Det har ført til at Universitetet i Helsinki har måtta seia opp ein del av dei teknisk/administrativt tilsette, og det har ikkje blitt tilsett nye folk i ledige professorat etter personar som har gått av for aldersgrensa.
Universiteta krev 1 milliard mark
Me har heile tida prøvd å verna professorar og undervisningspersonale mot oppseiingar. Den økonomiske situasjonen er vanskeleg for universiteta i Finland. Det er grunnen til at alle dei finske universiteta no har gått saman om å krevja 1 milliard finske mark i ekstraløyving frå staten. Desse pengane ynskjer me å bruka til å byggja ut infrastrukturen til universiteta, seier han. Universitetet har sjølv oppretta ni toppforskingssenter (Centres of Excellence), medan Finlands Akademi har erklært seks forskingsfelt ved dette universitetet som toppforskingsfelt. Hovudsatsingsfelta ligg innan medisin og bioteknologi. Ved Universitetet i Helsinki har dei også begynt å lysa ut professorat på åremål.
Til no er 40 mellombelse professorat oppretta på eit fem år langt åremål. Formålet er å sikra rekrutteringa av unge forskarar så tidleg som mogleg. Etter dei fem åra må kvar professor søkja stillinga si på nytt i konkurranse med andre søkjarar. Ein eigen evalueringskomité vil til slutt avgjera om den som først blei tilsett i professoratet, skal få halda fram i stillinga, forklarar Raivio. Alle dei 24 forskingsfelta ved Universitetet i Helsinki er no i ferd med å bli evaluerte av ein internasjonal komité.
På denne måten kan forskarane få vita kva dei er gode på og korleis dei eventuelt kan bli enda betre, seier universitetsrektoren, som også kjem med ei oppfordring til rektor Kaare R. Norum ved Universitetet i Oslo.
Me bør absolutt auka det nordiske universitetssamarbeidet. Me har mykje meir til felles innan forsking og undervisning enn kva me har med universiteta i Mellom- og Sør-Europa. Difor håpar eg at me kan få til ein auka student- og forskarutveksling mellom universiteta våre, avsluttar rektor Kari Raivio.
Misnøye blant studentane
Også studentleiarane Ossi Heinanen og Anna Parpala er kritiske til at den finske regjeringa held på å tilpassa universitetssektoren til EUs felles standard.
Me har allereie eit høgt nivå på vårt universitetssystem. Dersom det skal tilpassast EUs system, vil det føra til ei nivåseinking for vårt system, meiner dei to studentleiarane. Dei fryktar at dette kan føra til at dei polytekniske høgskulane også vil kunna få kalla seg universitet. Dei er glade for at det førebels ser ut til at dei har klart å stoppa eit framlegg som ville ha avgrensa studietida til fem år for alle studentar.
Då hadde me jo aldri klart å bli ferdige. Studiefinansieringa er ikkje betre enn at me alle må jobba ved sidan av studiane. Difor er det veldig vanskeleg å bli ferdig på normert studietid, fortel Ossi Heinanen og Anna Parpala.
Jahreprisvinnar Irma Thesleff: - Dei beste forskarane får mest


Logg inn for å kommentere