Notert

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 13 1999


Utgravingane startar på Kaupang

Denne veka set Universitetet i Oslo for første gong på 30 år i gang utgravingar på Kaupang i Vestfold. Kaupang er restane av Noregs einaste kjente by frå vikingtida. Staden ligg ved Viksfjorden i Tjølling like ved Larvik. Utgravingane denne veka er siste etappe av forprosjektet til neste års store arkeologiske undersøking. Medan arkeologane frå Institutt for arkeologi, kunsthistorie og konservering tidlegare berre har samla funn frå overflata, skal dei no gå ned i kulturlaga, fortel leiar for Kaupang-undersøkinga, Dagfinn Skre. Sidan i fjor vår har det gjennom overflateregistreringar blitt funne 900 fortidsminne frå vikingtida i dette 40 000 kvadratmeter store byområdet.

Fra Det Kongelige Frederiks …

De større universitetsfester i tidsrummet nærmest forut for jubilæumsaaret hadde fortrinsvis knyttet sig til begivenheter inden kongehuset. Av saadanne fester er […] den, som i 1853 avholdtes i anledning av kongens gjenvundne helbred og fødselen av en arveprins. Yderligere kan nævnes festen i stortingssalen den 19 juni 1850 i anledning av kronprinsens formæling og mindefesten for kong Oscar I den 22 september 1859, i begge tilfælde med tale av Welhaven og kantate av A. Munch. […]

Men den største festlighet, som universitetet overhodet hadde oplevet, stundet nu til, da det skulde feire sit 50-aars-jubileum den 2 september 1861. […]

Ved høitideligheten i universitetets festsal den 2 september under kollegiets formands, professor Hallagers præsidium fremmøtte blandt de innbudte ogsaa de 6 gjenlevende av de i 1813 immatrikulerte studenter. […] Efter en redegjørelse for universitetets tilblivelse og vekst blev der pekt paa frugterne av universitetets virksomhet i det stadig økede antal videnskabelig dannede mænd og i den almindelige aandsdannelses vekst i kraft og intensitet, mens samtidig de vanskeligheter fremhævedes, som - i sammenligning med forholdene i større og rikere samfund - her i landet hemmet den videnskabelige forskning og produktion.

Det Kongelige Frederiks Universitet 1811-1911 Festskrift I

Digitalisert Sør-Asiainformasjon

Alle som er interessert i kven som veit kva om Sør-Asia i Noreg og som vil vita meir om forholdet mellom Noreg og Sør-Asia, kan no finna dette ut ved å oppsøkja heimesida til Norsk Forum for Sør-Asia. Heimesida har adresse www.nofsa.uio.no Der vil du finna Sør-Asiakatalogen 1999 som også har oversikt over kva norske selskap som er representerte i dette området. Du vil dessutan få vita kva dei norske selskapa driv på med i desse landa.

Kristian Ottosens pris til Beate Svenningsen

Prosjektleiar Beate Svenningsen har fått Kristian Ottosens pris for sitt engasjement og arbeid med etableringa av Studenthuset Chateau Neuf. Svenningsen er 26 år gammal og har tidlegare vore både viseformann og formann i Det Norske Studentersamfund.

Premiert for godt namn

Nyutdanna cand.med. Joe Siri Ekgren vann konkurransen om å finna på det beste namnet til ”Bygning for preklinisk medisin, byggetrinn I og II”. Han vann konkurransen med framlegget ”Domus Medica”, som no også har blitt det offisielle namnet på denne bygningen.

Ettertanke etter krigane på Balkan

Kunst, klassisk musikk og eit foredrag om krig etter Kosovo. Det er ingrediensane i arrangementet ”Maktens Dissonans” i Universitetets Aula torsdag 23. september klokka 19.30. Inntektene frå arrangementet går til Raudekrossens engasjement på Balkan.

Det var advokaten og musikkelskaren Nina Wang Bredoch som tok initiativet til denne kombinerte konserten og kunstutstillinga. Difor tok ho kontakt med pianisten Håvard Gimse, cellisten Øystein Birkeland og kunstmålaren Thomas Saenger som alle sa ja til å delta, fortel dr.phil. Iver B. Neumann. Han insisterer på å bli kalla for retor i samband med denne tilskipinga. Han skal nemleg halda foredrag om krig etter Kosovo.

Det sa eg ja til fordi mange av oss i det forsvarspolitiske og tryggingspolitiske miljøet var for at noko måtte gjerast på Balkan, men me var skeptiske til bombing utan bruk av bakkestyrkar, forklarar Neumann. Han frykta at det ville føra til den simulerte krigen der soldatane ikkje ville ha kontakt med den andre parten.

Nobelprisvinnarar minnast

Dei to nobelprisvinnarane ved Sosialøkonomisk institutt, Ragnar Frisch og Trygve Haavelmo blei minna ved at dekan Marit Melhuus avduka to fotografi av dei i foajeen i Eilert Sundt hus tidlegare i denne månaden. Etterpå heldt professor Olav Bjerkholt ei kort forelesing om Frisch og Haavelmo.

Nøtter

1) Hvem er dette?

{short description of image}

2) Når ble Universitetsbibliotekets første sjef, Georg Sverdrup, født? Og når døde han?

2) Vestgrensa studentby er åpnet. Hvor mange hybler rommer denne?

3) Hvem vant årets forskningsformidlingspris?

4) Hva har Ragna Weider, Bent Aaby, Helga Sagsveen og Leif J. Haugen til felles?

Svar


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 13 1999

Publisert 6. okt. 1999 13:41 - Sist endra 1. sep. 2014 13:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere