Notiser

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 13 1999


Kollegiet: UiOs vevsider må oppdaterast

Eit samrøystes kollegium ber om at universitetsdirektøren fylgjer opp behovet for å setja i verk oppdateringsrutinar i alle einingar slik at UiOs vevsider får den naudsynte kvaliteten og statusen som informasjonskanal. Men Kollegiet gjekk imot eit framlegg om å gi eit elektronisk dokument same juridiske status som eit dokument som er publisert i papirform. Kollegiemedlem og jusprofessor Asbjørn Kjønstad fekk full tilslutnad til argumentet sitt om at korkje eit dokument i papirform eller i elektronisk form, ville ha nokon juridisk status. Det ville berre det vedtaket ha, som det eventuelt blir vist til i eit dokument, understreka Kjønstad.

Internhusleige frå årsskiftet

Kollegiet vil be KUF om å få innført internhusleige som ei prøveordning frå 1. januar år 2000. Deretter vil UiO evaluera ordninga og eventuelt innføra permanent internhusleige. Det er Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet (KUF) som har pålagt UiO å innføra denne ordninga frå årsskiftet. Eit framlegg frå kollegiemedlem Asbjørn Kjønstad om å søkja om utsetting fekk fem røyster, medan framlegget om å søkja om å innføra internhusleige som ei prøveordning i eitt år fekk sju stemmer.

Vedtaket vil føra til at grunneiningane eller fakulteta må betala internleige til Teknisk avdeling for dei romareala dei brukar ved UiO. Prorektor Rolv Mikkel Blakar uttrykte på kollegiemøtet håp om at dette vil føra til at grunneiningane i mindre grad enn i dag ville be om større romareal.

Akademika startar nettbokhandel

Akademika AS har starta nettbokhandelen Akademika.no. Dette er ein virtuell bokhandel som er spesielt tilrettelagd for studentar, forskarar og andre akademikarar, opplyser IT-sjef Bjørn Henrik Vangstein i Akademika. I den nye nettbokhandelen kan det søkjast blant over 100 000 boktitlar. I eigenreklamen står det at kunden frakt- og gebyrfritt vil motta lagerførte publikasjonar i løpet av tre dagar, medan utselde utanlandske titlar normalt blir leverte i løpet av to veker.

RV: Kommunen må finansiera oppussinga av sentrumsbygningane

Oslo kommune må løyva pengar til oppussing av dei gamle universitetsbygningane i sentrum. Det foreslår Raud Valallianse. I ei pressemelding minner partiet om at universitetsbygningane ved Karl Johan er i sterkt forfall utan at Staten har vist nokon vilje til å vedlikehalda dei. Difor ynskjer RVs førstekandidat i Oslo, Erling Folkvord, å koma med framlegg om at Oslo kommune løyver 30 millionar kroner fordelt over to år til oppussing under årets budsjetthandsaming. Dei resterande 70 millionar kronene som trengs, føreset han at staten vil løyva.

Statens kartverk trekkjer seg

Statens kartverk kjem truleg til å trekkja tilbake tilbodet om å yta ressursar til Observatoriet. Årsaka er at Statens kartverk ikkje har tillit til Kollegiets og rektors handsaming av saka om Observatoriet, skriv kartverksjef Knut Flåthen i eit brev til rektor Kaare R. Norum. Kartverksjefen stiller også spørsmål ved kva som fekk Norum til å gå inn for eit benkeframlegg framfor å støtta kompromissframlegget han sjølv hadde vore med på å oppnå.

UiO vil halda mållova

Universitetet i Oslo har brote mållova sidan det ikkje var mogleg for studentane å registrera seg på skjermterminalane på nynorsk i år. Det vedgjekk universitetsleiinga på eit møte med Studentmållaget nyleg. På møtet lova også universitetsleiinga å gi alle studentane eit verkeleg val mellom målformene når dei skal registrera seg. I ei pressemelding skriv leiaren for Studentmållaget, Halvard Lægreid, at organisasjonen er nøgd med at leiinga ved UiO no lovar å gjera noko med dette. Studentmållaget krevjer at UiO respekterer mållova og gir studentar eit reelt val av målform frå og med neste semester.

Tala som forskingsinstituttet har henta inn viser at gjennom heile 1980-talet og til og med 1992 var det ein jamn vekst i FoU-løyvingane. Året etter flata veksten ut, og budsjetta for 1994 og 1995 gav ein realnedgang. Først i 1999 er FoU-løyvingane igjen på same nivå som i 1993, står det i ei pressemelding frå NIFU.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 13 1999

Publisert 20. sep. 1999 15:50 - Sist endra 1. sep. 2014 13:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere