Kva synest du om det nye UB?
- Eg synest det er heilt fantastisk at det sosialdemokratiske og nøkterne Noreg har klart å føra opp ein slik bygning. Det er også bra fordi det kan gi studentane ei kjensle av høgtid når dei går inn i denne bygningen. Det mangla før. Olav Wicken, førsteamanuensis ved Etikksenteret - Det er ein fantastisk flott bygning. Både forskarar og ikkje minst studentar har fått eit flott tilbod til å betre studieforholda sine. Dessutan er det eit monumentalt bygg som står i kontrast til dei andre bygningane på Blindern. Tore Vaaje, disputasgjest - Det er verkeleg bra her. Eg kom nettopp inn døra for aller første gong og er på veg til ein doktordisputas. Meir kan eg ikkje seia no. Marie Seland, nyutdanna samfunnsgeograf frå UiO - Det er veldig flott her. No har eg berre kome for å kika litt. Eg har ikkje brukt biblioteket enno. Harald Botha, nyutdanna samfunnsgeograf frå UiO - Det er første gong eg er her, men det ser svært bra ut. Fint og lyst. |
Fem i farta
Publisert 6. okt. 1999 13:33
- Sist endra 13. mai 2019 14:01
Logg inn for å kommentere